Målfrid Vartdal har buplikt på huset på Lauvstad sjølv om Volda kommune sa huset var ubebueleg

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Målfrid Vartdal fekk buplikt på småbruket. Tre år før sa kommunen huset var ubebueleg.

Målfrid Vartdal har buplikt på huset på Lauvstad sjølv om Volda kommune sa huset var ubebueleg

Målfrid Vartdal fekk buplikt på småbruket. Tre år før sa kommunen huset var ubebueleg.

STRIDENS KJERNE: Er dette huset til å bu i, eller ikkje?

Vi rapporterer frå Lauvstad i Volda
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av ©NRKs journalistar før publisering.

I fleire år har svigersonen Per Ole Røed jobba for å oppfylle draumen til svigermora Målfrid Vartdal om å halde småbruket ho vaks opp på i familien.

Det var broren til Målfrid som budde i huset, og han hadde ingen etterkomarar.

– Ho har mange barnebarn og oldebarn, så det var dei ho tenkte på då ho bestemte seg for å ta garden på odel, seier Pel Ole Røed.

  • Eternittplatene dett av veggane på huset på Lauvstad.

    Vindaugskarmane ber preg av dårleg vedlikehald.

    Badet treng ei oppgradering.

    Det er sopp mange stader i huset.

    Eit av kjøkkena i huset på Lauvstad.

    Kommunen meiner golvet er beint og fint og at huset dermed kan bergast.

    Då broren døydde, testamenterte han småbruket på Lauvstad i Volda kommune til ein annan i bygda.

    Kommunen gav den nye eigaren fullstendig og varig fritak frå buplikta fordi dei meinte huset var ubebueleg.

    Det vert ikkje sett vilkår om buplikt, sidan det ikkje er bebueleg bustadhus på eigedommen.

    Det er eit politisk mål å ha busetting i hele landet. Buplikta skal vere med å sikre dette.

    Buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen.

    Personlig buplikt betyr at eigar må bu der sjølv.

    Ved upersonlig buplikt kan andre enn eigar bu der.

    Kjelde: Landbruksdirektoratet

    Det kan være buplikt på landbrukseigedommar og andre eigedommar.

    Plikta følgjer direkte av lova når den som har odel eller er i nær slekt med forrige eigar, overtar ein eigedom med bustadhus og meir enn 35 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog.

    Brot på buplikta kan føre til at eigedommen blir tvangsseld.

    Det er kommunen som kontrollerer og følgjer opp brot på buplikta.

    Konsesjon er eit løyve til å drive ei verksemd, kjøpe ein eigedom eller utnytte ein naturressurs.

    Den som kjøper eller arvar ein større landbrukseigedom må søke kommunen om konsesjon for å få overta.

    Kjelde: Store norske leksikon

    Om det er buplikt på ein eigedom blir bestemt av:

    Kjelde: Landbruksdirektoratet

    Forrige kort Neste kort Kommunen snudde

    Men då Målfrid gjekk til sak for å få garden på odel og kjøpte ut han som arva den, snudde kommunen.

    Dei gjev ikkje fritak frå buplikta, og meiner huset kan bli fiksa og brukast som bustad.

    Volda kommune er ein av fleire kommunar i landet som strammar inn på handheving av buplikta, fordi dei har problem med at hus står tomme og berre blir brukte til feriehus.

    Det har tatt lang tid å få odel på garden, og deretter søke om fritak frå buplikt. Målfrid Vartdal (95) bur no på Vartdal helsetun.

    Tre år etter at kommunen gav førre eigar fritak frå buplikta, gjorde dei dette vedtaket då Målfrid Vartdal søkte om det same:

    Det vert sett vilkår om buplikt på bruket. ...Sjølv om bustadhuset er i dårleg stand, meiner TFU at huset er mogleg å sette i stand...

    Enten må Målfrid Vartdal bu på garden sjølv i fem år, eller ho må finne nokon andre som kan bu der i åtte år.

    Familien klaga på vedtaket, men kommunen held på sitt: buplikt.

    Per Ole Røed og Arne Ole Vartdal på garden svigermor og mor eig.

    Per Ole Røed kan ikkje skjøne korleis dei kom til den konklusjonen. Han trur det vil vere dyrare å renovere huset enn å bygge nytt.

    – Vi meiner huset må rivast. Det vil også bli dyrt. I tillegg er det to vårfjøs som har ramla ned oppi dalen her, og mykje anna rot på garden. Planen vår no er å få rydde opp i dette.

    Det er heller ingen driftsbygning på garden – den datt ned for mange år sidan. Jorda har vore dyrka av naboen i lang tid.

    Huset ligg like ved nabogarden, fjøsen tilhøyrer naboen som tek seg av dyrkamarka.

    Seksjonsleiar i Landbruksdirektoratet, Aud-Ingrid Krefting seier det ikkje er uvanleg med fritak frå buplikta dersom det ikkje finst hus på garden som er bebueleg.

    – I dei tilfella det er konsesjonslova sjølv som seier at det kviler buplikt på ein eigedom etter konsesjonslova § 5 andre ledd, er denne buplikta betinga av at det er eit bustadhus på eigedomen, og at dette bustadhuset ikkje må vere ubrukeleg grunna forfall eller alder. Dette blir avgjort etter ei konkret vurdering av konsesjonsmyndigheita (kommunen), seier ho.

    Ordføraren i Volda, Sølvi Dimmen (Sp), seier det er svært viktig for dei at det bur folk i bygdene i kommunen.

    Ho seier dei difor har stramma inn på reglane for buplikt.

    – Så vil eg også legge til at grendelaget er svært glade for at vi står fast på buplikta i denne saka.

    Sølvi Dimmen, ordførar i Volda (Sp) vil at det skal vere lys i husa og folk på bygdene.

    Kommunen vektlegg også at huset ligg på ein fin plass, og at det er normalt at ein må renovere når ein overtek eldre gardshus.

    Dei har gitt Målfrid Vartdal tre år utsett buplikt for å sette i stand huset - men etter det må det bu folk i huset, ellers kan småbruket bli lagt ut for tvangssal.

    Marit Mellingen, direktør i Distriktssenteret, eit statleg kompetansesenter for distriktsutvikling, seier nokre kommunar brukar innstramming av buplikt som eit verkemiddel.

    – Det vi ser no, er at det er mangel på bustader i veldig mange kommunar. Det er et hinder for rekruttering, både for kommunane, men òg for næringsliv. I mange av desse kommunane manglar det ledige bustader både til å eige og leige. Så det er behov for å gjere nokre grep for både å få til meir nybygg. Men òg å få meir sirkulasjon i bustadmarknaden. Då ser vi at det er ein del kommunar som også ser på buplikta og praktiseringa av den som eitt verkemiddel inn i ein større samanheng.

    – Hjelper det?

    – Det er vanskeleg å seie om innstramming av buplikta hjelper. Det som er sikkert, er at det ikkje er nok åleine. Ein er nøydde å sjå på heilskapen.

    Per Ole Røed er samd i at huset på Lauvstad ligg på ein nydeleg plass.

    Han er derimot ikkje samd i at huset er til å bu i.

    – Vi har fått nokre takstar på det. Ein seier null, ein annan seier det er verdt 250 000. Men etter kvart som vi avdekker og ser kor gale det er, så meiner eg det ikkje håp for huset. Det må rivast, seier han.

    Per Ole Røed meiner det einaste rette er å rive huset, og få rydda opp på garden.

    Han legg til at garden også har to klargjorde tomter, som dei gjerne sel for ein grei pris til folk som eventuelt vil busette seg i bygda.

    No er det statsforvaltaren som skal avgjere om huset på småbruket faktisk er i så dårleg stand at det ikkje er mogeleg å gjere noko med det, eller om det er råd å fikse det og bu der.

    Per Ole Røed og Arne Ole Vartdal framfor huset på Lauvstad.

    Les også Fjerner boplikten i Lindesnes

  • LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations