Blir eg sjuk, blir eg fattig

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Då eg var ungdom, var eg overbevist om at velferdsstaten ville sikre meg om noko skulle skje. Det er eg ikkje lenger.

Blir eg sjuk, blir eg fattig

Då eg var ungdom, var eg overbevist om at velferdsstaten ville sikre meg om noko skulle skje. Det er eg ikkje lenger.

Vi høyrer veldig mykje klaging frå privilegerte om formuesskatten, men veldig lite klaging frå familiar som må flytte fordi bustadprisane blei for høge, eller frå kreftsjuke som ikkje lenger har råd til ferie, skriv kronikkforfattaren.

Skilsmisser. Sjukdom. Trøbbel med å få jobb. Dette kan skje oss alle. Spørsmålet er om velferdsstaten er der den dagen det skjer. Mitt inntrykk er, som serien til Thomas Seltzer også viser, at det på ingen måte er sikkert.

Dei siste åra har eg jobba mykje med temaet økonomiske forskjellar. Det førte til ei bok om den aukande ulikskapen i vårt land, som kom i vår, men det førte også til ein ny type alvor over kor ofte fellesskapet sviktar folk med knappheit på pengar.

Eg blei også meir bekymra for mi eiga pengeframtid. For vi er lært opp til å tenkje at økonomisk tryggleik ofte er eit spørsmål om arbeidsinnsats. Vi høyrer sjeldnare om at det i mange tilfelle er spørsmål om økonomisk flaks og uflaks.

Sjølv hadde eg lenge flaks.

«Vår familie kan ikkje lenger seie ja til alt vener føreslår»

Eg blei fødd inn i ein familie med to foreldre med fulltidsjobb, høgare utdanning og mange bøker i bokhylla.

Eg studerte, blei tidleg etablert med sambuar og vi fekk kjøpt leilegheit i Oslo, som har gitt meg økonomisk tryggleik i åra etterpå. Etter kvart blei det barn og rekkehus i Groruddalen i Oslo.

Men så blei det ein del økonomisk uflaks for meg og folk rundt meg.

Pappa blei ufør, og det var hardt å sjå han kjempe mot systemet for å få ei inntekt å leve av. Berre det å bli klassifisert som ufør kom etter ei rekke vanskelege diskusjonar med ulike delar av trygdesystemet, som gjekk over år.

Det var høg grad av kontroll og mistillit, og med lite pengar til slutt. Det fristar ikkje å måtte gå gjennom det same.

Etter kvart blei eg skilt og åleinemor med delt omsorg. Rekkehus blei til 64 kvadrat på Oppsal.

Eg var evig takknemleg for at eg hadde råd til leilegheit med to soverom, ein fridom som berre var der fordi eg hadde vore sambuar tidlegare, og det hadde gitt rom til å bygge opp eigenkapital.

«Økonomiske vanskar er skambelagt i Noreg»

Vår familie kan ikkje lenger seie ja til alt vener føreslår av ferieturar, konsertar eller restaurantbesøk som vener skal på, fordi sparekontoen ikkje er stor nok. Men vi kan seie ofte nok ja til at vi har det veldig bra.

Hadde eg hatt lønn under medianinntekt i Noreg, er eg derimot usikker på korleis dette hadde gått. Vi hadde ikkje hatt råd til å bu og leve som i dag. Det hadde vore lite feriar og symjehall. Sannsynlegvis måtte vi ha flytta ut av byen.

Men er det ein menneskerett å bu i Oslo, spør nokon då?

Nei, men det bør vere ein ambisjon at Oslo skal vere ein by for alle slags grupper – også åleineforsørgarar. Og det bør vere mogleg også for folk med låge inntekter å skilje seg, utan å måtte flytte til ein annan by enn der ein har bygd opp eit heilt liv.

Er det ein ting vi veit, er det at barn i familiar med låginntekt flyttar oftare enn andre. Det forsterkar dei sosiale problema som følger med fattigdom.

Les også Barna som takker nei

Dei økonomiske utsiktene ved eit samlivsbrot kan vere tilstrekkeleg skumle til at folk ikkje tør å gå frå dårlege forhold. Ei skilsmisse og litt uflaks – så er du fattig.

Bustadprisane er mange stadar såpass høge at det hindrar fridom.

«Skilsmisser. Sjukdom. Trøbbel med å få jobb. Dette kan skje oss alle»

Det som held meg oppe om natta no, og som er grunnen til at eg skriv denne teksten, er tanken på sjukdom. For vår kvardag går veldig fint så lenge eg klarer å jobbe. Men eg vil ikkje ha meir økonomisk uflaks no. For kva om den føflekken viste seg å vere hudkreft? Om eg skulle hamne i ei bilulukke?

Å vere både skilt og langtidssjuk – det ville vere eit økonomisk mareritt.

Velferdsstaten gir oss full inntektskompensasjon med sjukelønn det fyrste året vi er sjuke. Det er veldig bra. Deretter får vi arbeidsavklaringspengar, basert på to tredelar av tidlegare inntekt. Eg hadde ikkje klart å betale på bustadlånet basert på 66 prosent av dagens inntekt.

Hadde eg fått ein sjeldan diagnose, der det var uklårt om eg kunne jobbe meir eller ikkje, kunne avklaring til uføretrygd ta lang tid. Om det blir blått fleirtal til hausten, kunne eg då ha risikert eit karensår – eit heilt år utan inntekt. Det har eg ikkje sjanse i havet til å klare åleine.

Kven er det som har råd til det, eigentleg?

«Det er i mange tilfelle spørsmål om økonomisk flaks og uflaks»

Denne teksten har til no handla om min situasjon, men eg skriv den fordi eg trur vi er mange.

Vi er mange som ikkje snakkar så høgt om desse tinga. Mange er under eller rett over låginntekt, men fortel ikkje så mykje om problema som følger. Andre, som meg, lever økonomisk fint i dag, men situasjonen er sårbar om sjukdom skulle skje.

Økonomiske vanskar er skambelagt i Noreg. Det er tabu å seie at ein ikkje har råd til ting. Difor kjem serien til Seltzer på høg tid.

Vi høyrer veldig mykje klaging frå privilegerte grupper om formuesskatten, men veldig lite klaging frå familiar som må flytte fordi bustadprisane blei for høge, eller frå kreftsjuke som ikkje lenger har råd til ferie. Desse historiene må opp og fram i lyset, for at vi skal klare å forandre systemet til det betre.

Målet må jo vere at vi har eit fellesskap som har ryggen vår om uflaks skulle skje. Enn så lenge er det altfor mange som må klare seg med for lite, i eit samfunn prega av overflod.

Eg føler meg i alle fall ikkje trygg på at det vil ende godt, og håpar at kroppen held seg frisk – lenge.

SJÅ ÒG:

Lyst til å skrive? Kontakt gjerne oss i NRK Ytring med ditt innlegg. Retningslinjene finner du her.

LES MER:     ©NRK.NO

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations