Auke i bedragerisaker: – No kan alle bli lurte

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Det har vore ei auke i bedrageri som blir melde til politiet. Dei trur det har blitt lettare å gå fem på. Finans Norge trur likevel det er store mørketal.

Auke i bedragerisaker: – No kan alle bli lurte

Det har vore ei auke i bedrageri som blir melde til politiet. Dei trur det har blitt lettare å gå fem på. Finans Norge trur likevel det er store mørketal.

KRIMINALITET: Tal frå SSB viser at det var ein auke i bedragerisaker som blir meldt til politiet.

I 2024 blei 341.500 lovbrot meldt til politiet, noko som var 4,1 prosent fleire enn året før. Ein del av auken skuldast mellom anna at fleire bedrageri blir politimeldt, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– I 2024 er det meldt eit historisk høgt tal på bedrageri. Dei 29.500 lovbrota er heile 40 prosent fleire enn i 2019, seier Siri Fossanger, seniorrådgivar i SSB.

Les også Kvinna i 70-åra blei svindla – har pågripe éin person i Danmark

– Dei siste åra har det vore ein betydeleg vekst i digitale bedrageri, og det er no så mange bedrageri at det har blitt eit samfunnsproblem.

Det seier Anne Allum, statsadvokat i Økokrim.

Allum fortel at personar i pensjonsalder tidlegare har vore rekna som mest sårbare for bedrageri.

– Men no kan alle bli lurte.

Ho seier at svindelforsøka no har blitt så truverdige at det har blitt vanskeleg å skilje falske og ekte henvendingar frå kvarandre.

Anne Allum, statsadvokat i Økokrim. Ho fortel at digital svindel er ei stor og aukande samfunnsutfordring.

Trass i at fleire bedragerisaker blir melde til politiet, trur Finans Norge at det er store mørketal.

I 2024 tapte bankane 1, 2 milliardar kroner på svindel mot kundane. Dette er pengar som bankane erstattar til kundane som er svindla. I same tidspunkt avverja bankane tap på 2,9 milliardar. Det opplyser Gry Nergård i Finans Norge.

Gry Nergård er forbrukarpolitisk direktør i Finans Norge.

– Når vi ser kor mykje svindel det er mot kundane, så tenker vi at det må vere store mørketal. Bankane sitt samla tap i fjor er veldig høgt. I tillegg har bankane klart å stoppe mange forsøk.

Nergård trur det kan vere fleire grunnar til at folk ikkje melder frå til politiet om at dei har blitt utsett for svindel og bedrageri.

– Kanskje har dei fått igjen pengane, og dermed ikkje har eit økonomisk insentiv til å melde det. Kanskje er det vanskeleg eller tidkrevjande å melde det?

Samtidig vektlegg ho viktigheita av at desse sakene blir registrert.

– Det er viktig at politiet ser mønster og har flest moglege opplysningar om dei som gjer svindlane. Både bankar, teleselskap og politiet kan finne ut ganske mykje om den som har gjort svindelen, dersom ein legg saman all informasjonen.

Les også Irene vart lurt av «sonen»: – Nesten umogeleg å ikkje la seg lure

Frå 2023 til 2024 var det 15 prosent fleire som blei utsett for eit bedrageri.

Auken er størst blant personar som er 55 år og eldre. I dei fleste tidlegare statistikkane har det vore dei i aldersgruppa 20–29 år, som relativt til befolkninga, har vore mest utsett for bedrageri.

I 2024 er det aldersgruppa 70–79 år som er mest utsett.

– Ser ein på kva type lovbrot dei som er 70 år og over blir utsett for, har dei i alle år vore mest utsett for tjuveri. I 2024 er dei derimot mest utsett for bedrageri, står det i rapporten frå SSB.

Oversikta frå SSB viser utviklinga i aldersgrupper over tid.

Kjelde: DNB.

Finans Norge opplever at det er folk i alle aldrar som blir utsett for bedrageri og svindel. Men det er likevel forskjellar:

– Med dei unge skjer det ofte i samband med netthandel eller phishing-angrep. Dei eldre taper ofte meir pengar på eitt enkelt svindelforsøk, fordi dei kan bli lurt ved at nokon ringer og klarer å tømme store delar av kontoen deira i banken. Dei eldre har jo ofte meir pengar og kanskje ein større digital usikkerheit, seier Nergård.

Vidare fortel ho at bankane bruker stadig meir av menneskelege og økonomiske ressursar på å førebygge, stoppe og følge opp svindelforsøk. Dei har også lansert ei liste med tiltak for å hindre svindel.

– Det er massive angrep. I bankane blir det jobba mykje internt med å sette opp mønster, som ein kan følge med på, for å sjå når det er uvanleg aktivitet på kontoar og i banken.

I tillegg jobbar Finans Norge, saman med andre aktørar for å førebygge, mellom anna politiet eller telefonoperatørane.

– Forsøka kjem ofte via telefon, SMS eller på nettsider. Då er det viktig at også telefonoperatørane hjelper til for å stoppe dette.

Les også Kristin ble svindlet og mistet grendehuset sine penger: – Du føler deg lite lur

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations