Vant mot Nav i Høgsterett i 2013: – Har venta på dette

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

BRYNE (NRK): Bertha Regine Serigstad kjempa i årevis for å bli trudd. Også då tolka Nav regelverket feil. – Endeleg small det, seier ho om den siste skandalen.

1. Vant mot Nav i Høgsterett i 2013: – Har venta på dette

BRYNE (NRK): Bertha Regine Serigstad kjempa i årevis for å bli trudd. Også då tolka Nav regelverket feil. – Endeleg small det, seier ho om den siste skandalen.

SLIT MED PLAGER: Tidlegare tannlegeassistent Bertha Regine Serigstad (78) bur på sjukeheim på Bryne, mykje på grunn av helseplagene etter å ha pusta inn kvikksølvdamp i fleire år.

Publisert 02.11.2019, kl. 14.48

– Eg er ikkje overraska over noko i Nav lenger, seier Bertha Regine Serigstad.

Ho er ein av mange norske kvinner som har pusta inn rein kvikksølvdamp gjennom eit liv som tannlegeassistent. Etter ein lang kamp for å få erstatning vann ho i 2013 fram i retten.

Gulating lagmannsrett meinte Nav hadde tolka lovverket for strengt. Nav anka til Høgsterett, men også der vart det slått fast at Nav praktiserte lovverket feil.

Serigstad reagerer på den mykje omtalte trygdeskandalen der foreløpig 48 personar er dømde til trygdesvindel på feil grunnlag. Nav har sidan 2012 feiltolka reglane for å få sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar frå Noreg når ein oppheld seg i eit anna EØS-land.

– Det er sørgjeleg kor gale det har gått, men endeleg small det. Eg har venta på det, seier Serigstad.

78-åringen var den første tannlegeassistenten som vann fram i retten i kjølvatnet av den såkalla kvikksølvsaka. Det var avsløringar i NRK Brennpunkt som gjorde problemet kjent.

– Nav har vore så høge og mørke, og gjort så mykje gale, at dei måtte få ein smell. Eg håper det skjer noko. Det er så mykje inkompetente folk der – nokon som kan jobben må overta, seier ho.

LANG KARRIERE: Bertha Regine Serigstad (78) lever med fleire helseplager etter ein lang yrkeskarriere som tannlegeassistent. No bur ho på Bryneheimen sjukeheim.

Gerd Bang-Johansen var den gong leiar i Tannhelsesekretærenes Forbund i Parat, og hjelpte mange av tannhelsesekretærane. Heller ikkje ho er overraska over Nav-skandalen.

– Den gong var det i alle fall ein kultur i Nav for å sjå feil veg. Viss ein kunne komme unna med noko, gjorde ein det, i staden for å hjelpe folk som hadde vorte sjuke, seier Bang-Johansen.

Ho opplevde Nav som ein bremsekloss, sjølv om tannhelsekretærene hadde fått godkjent skadane sine som yrkesskade hos yrkesmedisinarar med god fagkunnskap om kvikksølvskadar.

– Nav trenerte kvikksølvsakene heilt systematisk med å be om stadig nye utgreiingar med Nav sine selvoppnevnte yrkesmedisinere. Dei gav seg aldri, det var aldri nok.

Den tidlegare forbundsleiaren meiner Nav si framferd var grunnen til at fleire tannhelsesekretærar lét vere å søke om erstatning.

– Eg hadde kontakt med over 400 tannhelsesekretærar, men berre cirka 30 av dei enda opp med erstatning. Dei fleste orka ikkje å kjempe mot Nav, seier Bang-Johansen.

Assisterande direktør i kunnskapsavdelinga i Nav, Haakon Hertzberg, forstår at kvikksølvsaka var ei stor belasting for Serigstad og dei andre tannhelsesekretærane.

Samtidig meiner Hertzberg det er ein viktig forskjell mellom kvikksølvsaka og den såkalla trygdeskandalen.

– I kvikksølvsaka var det ein klar og open usemje mellom partane om kvar lovgivar hadde meint at grensa skulle gå. Dette fekk ein til slutt prøvd for Høgsterett og der avgjort spørsmålet om korleis lova skulle forståast.

I EØS-sakene er det annleis, ifølgje Hertzberg:

– I EØS-sakene har det ikkje vore snakk om ein konflikt knytt til lovtolking, i desse sakene er det rett og slett Nav som på si side ikkje har tatt omsyn til EØS-reglane når dei har behandla retten til å behalde kontantytingar under opphald i anna EØS-land. Nav har innrømt feilen på det sterkaste, og arbeider med å rydde opp, seier han.

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations