Nav nekta for lovbrot: Nå innrømmer dei at det var feil

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Nav innrømmer at dei braut lova da eit papirarkiv i Rogaland blei makulert. – Etter avklaringa av at dette er eit personvernbrot, har vi også komme til at saka blir meld til Datatilsynet, seier Nav.

1. Nav nekta for lovbrot: Nå innrømmer dei at det var feil

Nav innrømmer at dei braut lova da eit papirarkiv i Rogaland blei makulert. – Etter avklaringa av at dette er eit personvernbrot, har vi også komme til at saka blir meld til Datatilsynet, seier Nav.

BROT: Nav-direktør Thone Nordlund sa i intervju med NRK i mai at tapet av eit heilt arkiv ikkje var eit brot på lova. Nå har Nav ombestemt seg.

Anne Cecilie Remen – Journalist

Publisert 09.07.2024, kl. 18.15

– Her har svaret frå Nav rett og slett blitt feil, og det beklagar vi, seierMarte Vidnes Jensen, avdelingsdirektør i Nav.

I mai fortalde NRK at eit papirarkiv i Nav Rogaland ved ein feil blei makulert. Det gjaldt fysisk dokument tilhøyrande innbyggarane i ein bydel i Stavanger.

Leiinga i Nav var for få veker sidan overtydd om at det tapte papirarkivet ikkje var eit brot på lova.

I intervju med NRK blei dette framheva:

– Informasjonen er makulert og har ikkje komme på avvegar, og det har ikkje fått konsekvensar for nokon brukarar. Vi meiner at sidan papirarkivet er makulert, så er det ikkje eit personvernbrot, sa direktør Thone Nordlund i Nav til NRK i mai.

Les også Papirarkiv om Nav-brukere gikk tapt

Men etter dette har NRK følgt opp med nye spørsmål til Nav.

NRK sende Nav sjølve teksten i personopplysningslova, etterfølgde av spørsmål om korleis dei kunne meine at det tapte papirarkivet ikkje var brot på lova.

For personopplysningslova definerer brot blant anna slik:

«Eit brot på sikkerheita som fører til utilsikta eller ulovleg utsletting, tap, endring, ulovleg spreiing av eller tilgang til personopplysningar som er overførte, lagra eller på annan måte behandla.»

TOPPSJEF: Toppsjef i Nav Hans Kristian Holte fekk i januar på bordet ein rapport frå internrevisjonen som påviste personvernbrot og brot på arkivlova ved dei undersøkte papirarkiva.

Etter at NRK sende denne lovteksten til Nav, vurderte juridisk avdeling i Nav lovlegheita igjen.

Nav innrømmer nå at dei tok feil.

– Etter avklaringa av at dette er eit personvernbrot, har vi meldt saka til Datatilsynet, seier Marte Vidnes Jensen, avdelingsdirektør i Nav.

– Det er viktig å presisere at vi ikkje har funne eksempel på at det ikkje har vore mogleg å attskape saker, eller grunn til å tru at den situasjonen vil oppstå. Men ettersom det uansett er fysiske dokument som er sletta, er konklusjonen at det bør meldast inn, seier Vidnes Jensen.

Ifølge Nav meiner Datatilsynet at tap av papirarkivet var ei enkelt hending og dei vil ikkje forfølge saka vidare.

– Vi er godt i gang med å følgje opp funna i internrevisjonen sin rapport. Retningslinjer for papirarkiv og kassasjon er forbetra, krav til arkivrom er gjort tydeleg og støttemateriell er laga. Vi har ei løysing for digitalisering av papirarkiv og vi er godt i gang med å skanne dokument, seier Vidnes Jensen.

Les også Nav fant ikke papirene hans i over ti år: – Følte at Nav slettet livet mitt

Nav har 200 kontor med papirarkiv. Rapporten frå internrevisjonen frå januar i år fortel at det finst rundt 76.000 meter med papirarkiv.

ARKIVET FORSVANN: Det var papirarkivet frå Nav Eiganes og Tasta i Arendal som gjekk tapt. Nav trur det ved ein feil blei makulert.

I papirarkivet ligg blant anna personlege dokument som handlar om sjukepengar, yrkesskade, dagpengar, attføring, barnebidrag og trygdesaker. Det er dokument som det kan vere viktige for folk i mange år etter, som i for eksempel yrkesskadesaker, erstatning, uføre eller pensjonssaker.

I Nav blir det nå jobba med å digitalisere arkiva.

Nav har også utfordringar når det gjeld dei digitale systema sine. NRK har tidlegare fortalt at Datatilsynet har gitt Nav 20 millionar i bot for brot på personvern når det gjeld IT-systema.

Men Nav meiner grunnlaget er feil, og har sagt at dei vil klage bota inn for Personvernnemnda.

Les også Datatilsynet gir 20 millioner i bot til Nav

Kilder: Navs Internrevisjon, Arkivloven og Riksarkivarens forskrifter

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations