Mats forstår ikkje breva frå Nav: – Eg er 32 år og må ha hjelp av mamma

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Nav er ein av etatane i Noreg som har desidert mest kontakt med enkeltpersonar. Mats Lund (32) har fått ei rekke brev som han ikkje forstår.

1. Mats forstår ikkje breva frå Nav: – Eg er 32 år og må ha hjelp av mamma

Nav er ein av etatane i Noreg som har desidert mest kontakt med enkeltpersonar. Mats Lund (32) har fått ei rekke brev som han ikkje forstår.

VANSKELEG SPRÅK: Mats Lund er ikkje åleine om å meine at språket til Nav er vanskeleg.

Publisert 31.10.2022, kl. 11.25
Oppdatert 01.11.2022, kl. 16.06

– Eg er 32 år og må få mamma til å sjå over det. Nokre gongar slit til og med ho med å forstå.

Mats Lund bur og arbeider i Lofoten, men har hatt med Nav å gjere i fleire år. Difor har han også mottatt ei rekke brev.

Men han forstår dei ikkje:

Barne- og familiedepartementet har (...)I forskriftenes paragraf 1 til 9.Det er det som står.Og kva i helvete betyr det?

Difor har han ringt mange gongar for å spørje om dei kan forklare med eigne ord kva innhaldet faktisk betyr.

Då registrerer han eit stort paradoks:

– Folk i Nav har reagert på det same, at dei som jobbar der sjølv kan ha problem med å forstå dei breva som blir sendt ut.

Sjå eit eksempel som Lund har delt med NRK her, utan detaljar rundt forholda:

Frå før har 32-åringen eit utfordrande utgangspunkt, med lesevanskar som dysleksi. I seinare år har han fått påvist ADHD. Det gjer det vanskeleg å forstå ord og uttrykk.

– Det er jo ikkje slik at ein har lyst å gå på Nav, men nokre gonger må ein det. Og når ein då føler at ein blir møtt med problem og misforståingar, så vil ein gi opp. Ein tør nesten ikkje ringe.

– Eg har rett og slett følt meg jævlig dum.

Han saknar at breva gir inntrykk av at saksbehandlaren har sett seg ned og brukt tid og energi på å gi ei grunngjeving som Lund forstår.

– Det gjer jo at eg ikkje har trua på systemet.

I sjuande klasse sat Lund med eit fjerdeklassepensum. Det var først 1. klasse vidaregåande at han forstod matematikk, på grunn av ein hjelpelærar som spurte kva han likte å gjere på fritida.

Han løyste nemleg likningar med utgangspunkt i Mats sine interesser på den tida: øl og damer.

Les også: Krise i Nav: – Jeg er klar til å jobbe som saksbehandler

Lund gjekk frå stryk til 4+ på eksamen.

Poenget er at Lund har hatt lyst å forstå, og er fullt kapabel til det i dag, trass lesevanskar. Han har ingen forventningar til at Nav skal puse han på ryggen.

Lund etterlyser eit tydeleg område i brevet kor han forstår at dette handlar om han si sak.

Margrethe Kvarenes i Språkrådet, bekreftar viktigheita av dette.

Over halve befolkninga tok imot ei utbetaling frå Nav i 2021. Det er altså ein av dei etatane i Noreg som har desidert mest kontakt med enkeltpersonar.

– Det er jo heilt avgjerande for at kommunikasjonen mellom det offentlege og oss som bur her i Noreg skal kunne fungere. Det er viktig for at vi kan gjere det vi pliktar, seier Kvarenes.

Om ikkje, kan konsekvensane bli store.

– Ei tilpassing er heilt nødvendig for at eit brev skal fungere til det formålet det er tenkt, seier Margrethe Kvarenes i Språkrådet.

Ikkje berre kan dei gå glipp av viktige fristar og rettar som dei har.

– Det kan også sjå ut som dei prøvar å lure seg unna når dei eigentleg berre har misforstått eit brev eller ein tekst.

Men kva skal til for å unngå det?

– Då handlar det om å setje det viktigaste først, og utheve grunnleggande informasjon. I tillegg å strukturere det slik at den som skal lese det umiddelbart forstår at det gjeld den personen.

Mykje blir skrive av kvar enkelt saksbehandlar. For Nav har såkalla fritekst i brev som dei sender ut.

Det betyr at ein del av dokumentet er sett av til at saksbehandlaren tilpassar innhaldet til brukaren.

Det skal altså i utgangspunktet vere mogleg å tilpasse i større grad enn det Lund beskriv.

– Mykje blir skrive av kvar enkelt saksbehandlar, der teksten skal bli tilpassa akkurat den situasjonen ein er i. Då er ein avhengig av at kvar enkelt som skriv i Nav kan formulere seg klart, og det er ikkje alltid tilfellet.

Les også: Familie trodde Nav skulle drepe dem – ny ordliste skal hindre misforståelser

Ifølge avdelingsdirektør i Nav, Espen Sunde, er det undersøkingar som viser at mange synest informasjonen er lett å forstå.

Men Mats Lund er ikkje åleine om det motsette, sjølv om Nav har jobba med klart språk i ganske mange år, ifølge Sunde sjølv.

Nyleg beklaga Nav for at storingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, fekk ei feilaktig utbetaling på fleire titals tusen kroner og rot i informasjonsflyten.

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Kari Elisabeth Kaski, tok til Twitter. – Dette er ikkje dei som jobbar i Nav sin feil, men korta dei har fått delt ut av departement og storting, skreiv ho.

Tidlegare har Tor Anders, Per, og fleire Nav-kontor retta fokus mot tema.

Sunde innrømmer at det er for mange som opplever vanskar med å forstå kva Nav faktisk prøvar å fortelje brukarane.

– Undersøkingar viser at ganske mange synest informasjonen er lett å forstå. Men det er framleis altfor mange som synest det er vanskeleg, både på nett og brev.

– Ja, vi tar dette på alvor, seier Espen Sunde i Nav.

– Dette har vore eit problem i lang tid. Kvifor er det framleis eit problem?

– Det er framleis ei utfordring fordi vi er så store. Veldig mange ytingar og ordningar som er styrt av ulike lovverk, noko ligg framleis i gamle system som er under utfasing. Mykje er betra og blir endra fortløpande, men det er framleis ein del igjen.

– Kva konkret gjer Nav for å gjere språket i breva forståeleg for brukarane?

– Det vi går i gang med no, og som vi har kome langt med, er å rydde i heile nav.no som er plassen flest orienterer seg.

I tillegg har dei såkalla språkverkstader rundt om i landet. Dei er altså snart rundt slik at alle lokalkontor har vore gjennom første runde med språkverkstad.

Prosessen vil, ifølge Sunde, aldri ta slutt.

– Klarspråk er eit krevjande og omfattande arbeid. I ein så stor verksemd som oss så tar det aldri slutt. Det kan alltid bli betre, alltid.

LES MER:

Comments

https://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations