Sjukepleiarar ved OUS skal ha blitt trekt i løn og feriedagar etter vêrkaos

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Minst fem tilsette ved Oslo universitetssjukehus (OUS) fekk trekk i lønn eller feriedagar då dei ikkje kom seg på jobb på grunn av vêrkaos.
Kommentar: - "Slik passer de godt på personellet sitt - som det er i overflod av"!

Sjukepleiarar ved OUS skal ha blitt trekt i løn og feriedagar etter vêrkaos

Minst fem tilsette ved Oslo universitetssjukehus (OUS) fekk trekk i lønn eller feriedagar då dei ikkje kom seg på jobb på grunn av vêrkaos.

Therese Heggedal i Sjukepleiarforbundet er føretakstillitsvald i OUS-systemet.

Publisert 28.01.2024, kl. 13.42

Oppdatert 28.01.2024, kl. 15.02

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

– Det var vel over ein meter snø på vegen, så bilen kom jo ingen stader.

Sjukepleiaren skulle på vakt ved OUS første nyttårsdag.

Ho oppheldt seg då i ein kommune nær hovudstaden. Etter å ha prøvd å moka ut bilen, måtte ho gi opp reisa til jobb.

– Det gjekk jo ikkje noko kollektivt heller, fordi det var for mykje snø, seier ho.

Sjukepleiaren vil vera anonym av omsynet til arbeidsgivar. NRK kjenner identiteten hennar.

Då det blei klart at ho ikkje kom seg på jobb, fekk ho beskjed om at ho anten ville bli trekt i feriedagar eller lønn.

– Eg synest det er veldig kjedeleg. Fordi det ikkje var mi skuld.

Ho er ikkje aleine. Minst tre tilsette ved OUS fekk trekk i lønn eller feriedagar då dei ikkje kom seg til jobb på grunn av vêrkaos den siste tida.

– Når folk gjer sitt aller ytste for å koma på jobb, så tenker eg at dei kunne vore litt rausare.

Det seier Therese Heggedal, som er føretakstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund (NSF) ved OUS.

Dei første vekene i 2024 var fylte av kollektiv-kaos i hovudstaden. Først var det snøstorm og kulda som hadde skylda. Denne veka var det varmegrader og glatt føre som førte til fleire forseinkingar og innstilte bussar.

Les også Kaller Ruter inn på teppet: – Rett og slett for dårlig

Heggedal seier sju tilsette ved sjukehuset har kontakta ho etter at dei ikkje kom seg på jobb på grunn av vêrkaoset.

– Anten fordi dei har sitte fast på eit tog som ikkje har flytta seg, eller at det ikkje har gått kollektivtransport, seier Heggedal.

Som følger av at dei ikkje kom seg på jobb, fekk ein av dei tilsette trekk i feriedagar, ein annan trekk i lønn og to fekk trekk i avspaseringstimar, ifølge Heggedal. Den femte skal ikkje ha fått nokon reaksjon.

Dei to siste sakene er framleis uavklarte, fortel ho.

Les også Såpeglatt på Østlandet: – Busslinjer i Bærum og Oslo gjenopptar kjøring

Dei tilsette som fekk trekk lurte på om dette var lov, og Heggedal spurte derfor HR-direktøren ved sjukehuset kva som var offisiell praksis ved OUS.

I svaret stod det mellom anna:

«Det er arbeidstakers ansvar å nå frem til arbeidsstedet, selv ved ekstraordinære værforhold. (...) Arbeidsgiver har ikke plikt til å betale lønn dersom den ansatte ikke er på jobb. Dette innebærer at arbeidsgiver kan trekke ansatte i lønn dersom hen er forhindret på grunn av ekstremværet og ikke kommer på jobb. (...) Arbeidsgiver kan vurdere alternative løsninger til å trekke ansatte i lønn. Det kan for eksempel være å registrere en feriedag eller avspasering. Dette må vurderes konkret i det enkelte tilfelle.»

På starten av året, blei liknande saker ved Sørlandet sykehus omtalt i media. Der vart det snakka internt om bruk av feriedagar eller fleksitid, men det enda med at dei gjekk vekk frå bruk av feriedagar.

– Så då tenkte eg at det kanskje var ei liknande ordning ved OUS, men det var det då ikkje.

Den tillitsvalde meiner arbeidsgivaren i staden kunne gitt dei tilsette velferdspermisjon.

– Eg tenker at å la den enkelte arbeidstakar ta eit personleg tap når ein gjer sitt beste for å møta på jobb, men vêret og kollektivtrafikken gjer det umogleg, vil vera ein svært dårleg personalpolitikk.

Ho håper dei siste to tilsette som framleis har saka si uavklart, slepp å bli trekt i lønn eller feriedagar.

I eit svar til NRK påpeikar HR-direktør Susanne Flølo ved OUS at kvar sak må vurderast individuelt.

– Det vil seie at på dagar som denne, med ekstremvêr, må vi ha forståing for at tilsette ikkje kjem seg tidsnok på jobb på grunn av innstilte bussar, tog og annan transport.

– Det kan ikkje trekkast i lønn i slike tilfelle, seier ho.

Flølo seier at OUS vil undersøka dei aktuelle sakene nærare for å sjå om tilsette har blitt trekt feilaktig i lønn, ferie eller avspasering.

– Inntrykket vårt er at leiarane har funne gode løysingar i samarbeid med dei tilsette, legg ho til.

Les også Innesnødde ansatte får støtte av politikere: – Dette er smålig

Sjukepleiaren som ikkje kom seg til jobb første nyttårsdag har forståing for at ho blir trekt i lønn.

– Sjølvsagt er det kjipt, men eg skjønte jo at det kom til å skje på ein måte, seier ho.

– Det står jo i reglane til OUS, så eg hadde på ein måte ikkje så mykje å stilla opp med. Eg prøvde å diskutera meg fram til ei anna løysing, men det var liksom ingen anna løysing.

Ho fortel at ho fleire gang har vore forseinka på grunn av vêrkaos, seinast denne veka.

– Eg var jo for seint her om dagen òg, men då blei det ikkje noko drama. Då var eg vel over ein time for sein, på grunn av at kollektivtrafikken stod.

Les også Rektor på skolen: – Inngangsdøra er nedi her

Oppdatert 28. januar 2024 kl. 15.00: Ein tidlegare versjon av saka stod det ei tilvising til Sørlandet sykehus og trekk i lønn med desse setningane: «På starten av året, blei liknande saker ved Sørlandet sykehus omtalt i media. Der enda det med at dei tilsette ikkje blei trekt i lønn.». Omtalen er justert til å handle om feriedagar og fleksitid.

LES MER:

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations