Roper varsku: Låste dører hos Nav store delar av veka

TeamXon.com - Automatic
Business.no+

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

­Nav er samfunnets «sikringsnett». Men der er det for vanskeleg å få kontakt. – Alvorleg, meiner Helsetilsynet.

Roper varsku: Låste dører hos Nav store delar av veka

Nav er samfunnets «sikringsnett». Men der er det for vanskeleg å få kontakt. – Alvorleg, meiner Helsetilsynet.

DIGITALISERING I SAMFUNNET: Nav ønskjer at kontakten mellom brukar og Nav i størst mogleg grad skal vere digital. I rapporten frå Helsetilsynet står det at dei «ser utfordringar i alle dei tre undersøkte kanalane inn til Nav-kontoret: Oppmøte utan timeavtale, telefon og digitale løysingar».

Publisert 04.11.2022, kl. 07.04

Oppdatert 04.11.2022, kl. 07.16

Å kome i kontakt med ein Nav-rådgjevar på telefon kan ta fleire dagar.

Over 80 prosent av kontora har berre opent ti timar eller mindre i veka for dei som kjem utan avtale. Fleire kontor er også heilt stengt.

Det viser ei landsomfattande kartlegging frå Helsetilsynet, som blei publisert i oktober i år.

Helsetilsynet ser alvorleg på situasjonen. Dei meiner det er stor risiko for at ikkje alle får den hjelpa dei har krav på til rett tid.

FOR DÅRLEG TILGJENGELEGHEIT: Rapporten frå Helsetilsynet viser at store kommunar (meir enn 20 000 innbyggjarar) hadde litt meir ope enn små kommunar (under 5 000 innbyggjarar). 61 av 70 kontor hadde opent ti timar eller mindre i veka, for personar som kjem utan å ha avtale på førehand. I 11 av kontora var mottaket heilt stengt.

Nav-kontoret er den siste staden innbyggjarar kan ta kontakt for å få hjelp til mat, straum og andre heilt grunnleggjande ting.

Over tid har Helsetilsynet fått meldingar om at dei sosiale tenestene har vorte mindre tilgjengelege.

– Spesielt frå våren 2017 har vi sett at fleire reduserte opningstidene, seier seniorrådgivar Rigmor Hartvedt i Helsetilsynet.

Helsetilsynet har samanfatta funna frå dei 70 norske kommunane som er kartlagt. Dei meiner resultata gir eit godt bilete for heile landet.

OPE FOR SKJØNN: Hartvedt påpeikar at det ikkje er sikkert at alle Nav-kontora må ha lik opningstid. Fleire Nav-kontor har ei ringeklokke brukar kan ringje på når kontoret er stengt. Dersom dette skal vere ei god løysing, er det avgjerande at Nav-kontoret har eit system som gjer at døra blir opna og brukar kjem inn og får hjelp, meiner ho.

Nettopp fordi Nav skal vere samfunnets sikringsnett meiner Helsetilsynet det er særleg viktig at det skal vere mogleg for den enkelte å få kontakt.

Det er ikkje nødvendigvis tilfelle i dag, viser rapporten.

I fleire mindre kommunar er publikumsmottaka heilt stengde. Nokre stader er det berre mogleg å ringje inn via Nav kontaktsenter.

I ein rapport frå 2021 konkluderte Helsetilsynet med at fleire forhold ved Nav kontaktsenter nærast hindrar folk i å få hjelp.

Les også: Krisemøte i Matsentralen Norge: – Vi trenger mer mat

Rapporten frå Helsetilsynet kjem i ei tid kor mange har ein vanskeleg privatøkonomi.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) tar rapporten frå Helsetilsynet alvorleg. Ho seier regjeringa er opptekne av eit sterkt sikringsnett for dei som treng det mest.

– Dei som har behov for sosiale tenester er ofte i vanskelege livssituasjonar, og for nokon er behovet akutt. Det stiller krav til korleis det enkelte Nav-kontoret sikrar tilgjengelegheita.

SKAL VERE MOGLEG Å FÅ KONTAKT: – Dersom opningstida er avgrensa for møter utan avtale, må kommunen på anna måte sikre at brukarane får varetatt sitt behov for hjelp, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Det står i Hurdalsplattformen at regjeringa vil gjere Nav meir tilgjengeleg. Ministeren fortel at dette arbeidet er i gang.

Blant anna har Arbeids- og velferdsdirektoratet sendt brev til alle kommunar der dei presiserer at det skal vere mogleg med fysisk oppmøte på NAV- kontoret, både med og utan avtale.

Alle må ha mulighet til å få akutt hjelp etter sosialtjenesteloven ved å henvende seg til NAV-kontoret [...] både med og uten avtale.

Direktoratet har og bedt fylkesdirektørane i Nav om å følgje opp spørsmålet om opningstidene i Nav-kontora framover.

Les også: Enorm pågang: – Nå er det vanlige folks tur til å bli fattige

Den enkelte kommune og Nav fylke bestemmer sjølv opningstida til Nav-kontoret. Når det gjeld opningstider finst ikkje klare føringar på kva som er «tilgjengeleg nok».

Men Helsetilsynet er likevel tydeleg i konklusjonane sine.

– Det er stor risiko for at brukarane ikkje får dei tenestene dei har krav på til rett tid, seier Hartvedt.

Spesielt kan personar som ikkje snakkar norsk, manglar digitale ferdigheiter eller har utfordringar med rus eller psykisk helse stå i fare for å ikkje få god nok hjelp.

Statsforvalterne undersøkte på oppdrag fra Helsetilsynet tilgjengelighet til sosiale tjenester i Nav ved oppmøte, på telefon og digitalt i 70 kommuner.

Undersøkelsen ble gjennomført i 2020 og 2021, og rapporten ble publisert 21. oktober 2022.

Helsetilsynet definerer at de sosiale tjenestene er tilgjengelige når personer kommer i kontakt med noen på Nav-kontoret som kan hjelpe dem.

Hovedfunn:

I rapportens sammendrag står det (side 6):

«Korte åpningstider og lang ventetid på telefon utgjør en risiko for at Nav-kontorets funksjon som siste sikkerhetsnett ikke fungerer etter hensikten. Helsetilsynet ser alvorlig på at det fører til at enkelte brukere ikke får hjelp til å dekke grunnleggende behov som penger til mat, strøm og bolig, til riktig tid.»

Kilde: Oppsummeringsrapport fra Helsetilsynet, rapport 5/22, oktober 2022

Helsetilsynet kjem no med tilrådingar til kommunar, direktorat og departement. Mellom anna foreslår tilsynet at opningstidene ved Nav-kontora skal evaluerast.

I tillegg blir kommunane bedne om å ta eit større ansvar for at førespurnader på telefon blir svart på.

– Vi skal følgje med på kva som skjer vidare, avsluttar Hartvedt.

Les heile rapporten her.

Les også: Milliardforhandlinger på Stortinget: – De aner ikke hvor ille det er

Nav Vågå har ikkje opent publikumsmottak. Dei meiner likevel dei har funnet løysingar som fungerer.

Alle som oppsøker Nav blir møtt i kommunens servicetorg, fortel Nav-leiar i Vågå Magnhild Vole.

Det er alltid Nav-tilsette på jobb til å ta i mot dei som er heilt nye for Nav, og til å handtere akutte situasjonar.

– Då tar servicekontoret kontakt med oss, og så gjør vi ein vurdering av om vi skal sette opp ein timeavtale eller om det er så akutt at vi må ta det no.

Nav Vågå har også gjort det lettare å komme i kontakt ved å vere opne om direktenummer, e-postadresser og ved å vere meir til stade hos samarbeidspartar.

– Vi har tenkt at viss vi skal stenge for tilfeldige besøk, så er det viktig at dei som skal nå oss opplever oss som tilgjengelege.

STENGT PUBLIKUMSMOTTAK: På www.nav.no står det at mottaket til Nav Vågå er stengt. Nav-leiar Magnhild Vole seier at besøkande vert godt varetatt av servicetorget. Servicetorget har ope måndag – fredag frå 07.30 – 15.00.

Les også: Landbruksministeren skrøt av Matsentralen – så ble finansieringen kuttet

LES MER:

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations