Møre og Romsdal fylkeskommune har store økonomiske utfordringar og kan hamne på Robek-lista

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal har kniven på strupen. No startar arbeidet med å spare.

Møre og Romsdal fylkeskommune har store økonomiske utfordringar og kan hamne på Robek-lista

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal har kniven på strupen. No startar arbeidet med å spare.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak seier at den økonomiske situasjonen i fylket er svært krevjande,

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAi. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

– Situasjonen er svært utfordrande. Vi er eit tankskip på veg mot Robek-lista. Skal vi unngå det må vi gjere kutt no.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak skildrar den økonomiske situasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er svært sjeldan fylkeskommunar hamnar på Robek-lista. Ikkje sidan 2006 har ein fylkeskommune vore på denne, ifølge kommunal- og distriktsdepartementet.

Hovdenak er ikkje i tvil om kva som står på spel. Det kjem til å bli veldig stramt i åra som kjem.

– Vi står med ryggen mot veggen. Det er ingen annan fylkeskommune som er i ein så krevjande situasjon som oss. Vi er langt unna det vi skal vere.

Møre og Romsdal har den klårt høgaste lånegjelda blant alle fylkeskommunane i landet. Faktisk er den nær dobbelt so høg som gjennomsnittet, viser tal frå SSB.

Møre og Romsdal har i tillegg det lågaste netto driftsresultatet blant fylkeskommunane i landet, og er også den fylkeskommunen som har sett av minst pengar på disposisjonsfondet.

Og 140 millionar kroner av pengane på fondet er allereie svidd av i 2024. Blir fondet tømt har ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune noko ekstra å sette inn dersom det dukkar opp uventa problem.

Fylkespolitikarane blei servert hard lut under orienteringa om den økonomiske situasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkeskommunedirektøren la opp til eit generelt kutt på ein prosent. Ho ville også ta betalt på dei ferjene som regjeringa hadde gjort til gratisferjer, og auke prisen på dei andre ferjesambanda.

Det har fleirtalet av politikarane nyleg sagt nei til. I tillegg ville dei gjenopne ferjeavgangar som hadde blitt kutta. Og dei ville bruke 50 millionar kroner meir for å utbetre fylkesvegane i Møre og Romsdal.

I sum inneber dette at 90 millionar kroner blir flytta til samferdsel i 2024. Dei pengane må bli henta frå andre område. I 2024 skal 35 årsverk bort.

Og det stoppar ikkje i 2024. Dei neste åra må Møre og Romsdal fylkeskommune spare 150 millionar kroner årleg.

Les også Fylkeskommunen sliter med økonomien, men politikerne skjermer fergene

Men å foreslå kutte i ferjetilbodet er svært upopulært i Møre og Romsdal.

– Det er heilt uaktuelt. Vi kan ikkje ha ei sak kvar fjerde månad der vi gjer om på tidlegare vedtak. Dette er vedtak som politikarane har gjort, og det skal vi styre etter i fylkeskommunen, seier leiaren i samferdselsutvalet Hans Olav Myklebust (Frp).

Politikarane vrir seg i stolen, men dei ser alvoret. Vi har eit felles ansvar og må stå i dette saman, seier Torgeir Dahl (H).

– Dersom vi ikkje er i stand til å sjå at vi har sett oss sjølve i ein veldig vanskeleg situasjon då er vi ikkje skikka til å ta dette ansvaret. No må fylkestinget ta ansvar slik at vi ikkje havarerer fullstendig.

Torgeir Dahl (H) meiner politikarane må vise ansvar i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Og i samferdselsutvalet tysdag fekk Dahl støtte frå Geir Ove Leite (Ap).

– Alle dei kostnadsdrivande prosjekta som vi har vedtatt, har langt på veg vore samrøystes eller gjort med klart fleirtal så her har alle eit ansvar.

No startar dragkampen om kvar kutta skal komme, og det er ikkje sikkert Frp vil få med seg dei andre partia som dei har danna fleirtal med i fylkestinget.

I Høgre opnar Torgeir Dahl for at billettprisen kan bli auka.

– Vi gjekk til val på at vi måtte kunne auke ferjeprisane. Vi meinte dette var eit verkemiddel ein kan ty til.

Men også ungdommen er uroa. Mange av dei bruker buss. Dei som er under 25 år, får reise billigare med buss gjennom rabattordninga FRAM Ung

Men no kan prisen på dette tilbodet bli auka med 20 prosent. De er trist dersom det skjer, seier Kasper Dalhaug i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

– Det er ikkje sikkert inntektene vil auke dersom det fører til at færre tar bussen. Og for dei med dårleg økonomi blir det vanskelegare å kome seg heim. Det heng heller ikkje godt i hop med ambisjonen om å bli bærekraftfylke nummer ein.

LES MER:

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations