Justisminister Emilie Enger Mehl bruker TikTok utan konkrete råd frå sikkerheitsstyresmakter

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Justisminister Emilie Enger Mehl har ikkje spurt norske tryggingsstyresmakter om råd før ho tok i bruk den kinesiske appen TikTok.

Justisminister Emilie Enger Mehl bruker TikTok utan konkrete råd frå sikkerheitsstyresmakter

Justisminister Emilie Enger Mehl har ikkje spurt norske tryggingsstyresmakter om råd før ho tok i bruk den kinesiske appen TikTok.

Publisert 01.10.2022, kl. 17.58

– Eg er veldig opptatt av datatryggleik, slår statsråden fast.

Den kinesisk eigde appen TikTok er lasta ned av rundt ein million brukarar i Noreg, og blir som regel brukt til uskyldig moro. I midten av september heiv Mehl seg på.

– Målet mitt er å vera open og ærleg i dialogen med folk. Eg synest det er ein bonus å kunna visa kvardagen min som politikar på ein interessant måte, seier Engel Mehl til NRK.

– Eg har eit veldig aktivt forhold til sikkerheit i all bruk av digitale verktøy. Det er noko eg kanskje kan setta fokus på ved å bruka appen, seier justisministeren.

Men fleire er kritiske til at justisministeren nå er på TikTok.

Førsteamunensis i informasjonssikkerheit ved NTNU, Gaute Bjørklund Wangen, seier det er bra at ho er opptatt av digital sikkerheit.

– Men applikasjonen er for å vera heilt ærleg eit datainnsamlingsverktøy som vidaresender informasjon til Kina, seier han.

TikTok har passert 2 milliardar brukarar verda over. Rett over halvparten av den norske befolkninga mellom 18 og 29 år brukar appen dagleg, viser ein rapport frå Ispos.

Appen er eigd av det kinesiske IT-selskapet ByteDance.

Den nasjonale etterretningslova i Kina tillèt at myndigheitene får informasjon frå private selskap ved ønske.

Synest du sosiale medium samlar inn for mykje informasjon om brukarane? Nei, det er jo nyttig for min bruk. Ja, det er skummelt. Veit ikkje, har ikkje tenkt så mykje på det. Vis resultat

Seksjonssjef i Datatilsynet, Tobias Judin, fortel at dei ikkje veit så mykje om kven som får tilgang til opplysningane ein legg igjen i appen.

Det kan derfor henda at opplysningar hamnar i kinesiske myndigheiter sine hender, men det er ikkje sikkert.

Nokon meiner også at appen hentar inn meir data om brukarane enn kva som er naudsynt for å levera tenesta, ifølge Judin.

– Det har også gjort TikTok litt kontroversiell i det siste.

NRK har vore i kontakt med TikTok, men har ikkje lykkast med å få ein kommentar.

Les også: TikTok-profil Oda (22) føler seg misbrukt – skylder på Tinder

For to år sidan avslørte professor Christopher Balding at eit selskap med koplingar til Kina, hadde samla inn informasjon om millionar av menneske. Inkludert 700 nordmenn.

– Eg tar omsyn til dei reglane eg har fått frå departementet mitt, og frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), seier Mehl.

NSM jobbar med tryggleik i Noreg. Dei stadfestar til NRK at dei ikkje har gitt statsråden konkrete skriftlege råd i forkant av bruket hennar av TikTok.

– Vi har gjort grundige søk i systema våre, og det har ikkje vore nokon skriftleg korrespondanse mellom Justisdepartementet og NSM i denne saka, seier seniorrådgivar Anniken Beyer Fjeld.

Førsteamanuensis Wangen meiner Emilie Enger Mehls manglande kommunikasjon med tryggingsstyresmakter i forkant er problematisk.

– Det er veldig uheldig at ho ikkje tar eit meir aktivt grep og spør om råd. Det er snakk om justisministeren vår, som har ei sentral rolle i Noregs digitale sikkerheit, seier førsteamanuensis ved NTNU, Wangen.

Les også: Kent (38) smiler av hatmeldingene i innboksen

Videoane Enger Mehl har lagt ut så langt er ein Pride-video, og to kortfilmar frå eit offisielt besøk til Haag i Nederland.

– Viss ho til dømes hadde eit hemmeleg møte på turen til Nederland så kan det avslørast av posisjonsdata og då er det ikkje hemmeleg lenger, seier han.

Emilie Enger Mehl har fått lagt fram kritikken om å ha TikTok på mobilen. Ho ønskjer ikkje å gje ytterlegare kommentarar.

– Statsråden har ikkje fleire kommentarar knytt til bruk av sosiale medium og appar, seier kommunikasjonsrådgivar Anders Bortne på vegner av statsråden.

Les også: Studenter mener Snapchats nye funksjon er «creepy»

Mehl får også kritikk frå leiaren i organisasjonen Eksist! som jobbar for teknologisk valfridom.

Line Horgen Thorstad meiner politikarar ikkje må bidra til å styrka TikTok som informasjonskanal.

Line Horgen Thorstad, leiar i organisasjonen Eksist! som jobbar for teknologisk valfridom.

Ho seier appen tenar pengar på merksemda og opplysningane dine, og vil derfor gjera alt for å halda på merksemda di.

Innhaldet er derfor ofte provoserande, sensasjonelt, falskt eller liknande, sjølv om det også berre kan vera appellerande, seier Thorstad.

Slik kan feilinformasjon bli spreia og vidare splitta den politiske debatten.

– Viss politikarane ønsker å bruka TikTok som informasjonskanal, må politikarane ta ansvar for å beskytta brukarane sitt personvern.

– Me har avdekka store brot både på forbrukarlovgivinga og personvernlovgivinga kvar gong me har sett på appar som samlar mykje data, fortel Finn Myrstad.

Han er fagdirektør i Forbrukarrådet, og fortel at du kan gje teknologiselskapa tilgang til ekstreme mengder data berre ved å ha appen på mobilen din.

Finn Myrstad i Forbrukarrådet.

Myrstad er ein del av Personvernkommisjonen som nyleg kom med ei ny offentleg utgreiing om personvernet i Noreg.

Her konkluderer kommisjonen med at Noreg treng ein nasjonal personvernpolitikk, og presenterer 140 forslag til korleis personvernet kan bli betre.

Forbrukarrådet og Personvernkommisjonen meiner det offentlege burde ha eit ekstra ansvar når det kjem til innbyggjarane sitt personvern.

– Me bør vera ekstra påpasseleg med tenester der ein betalar med brukarane sin persondata, og ikkje betalar med ekte pengar.

– Det meiner me er eit myndigheitsansvar, fordi det er så komplekst. På same måte som at me nå kan gå i butikken og vita at maten ikkje er full av kjemikaliar og at han er rimeleg trygg, så ønsker me at det skal vera slik med digitale tenester også.

Kommenter Lykkelandet: GALSKAPEN LENGE LEVE !

LES MER:

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations