Ho blei filma av Arne Bye – fekk likevel saka si lagt bort

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

­Karen-Marie var sikker på at ho var ein del av tiltalen mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta. For at saka ikkje skal bli for omfattande har ho og mange kvinner blitt utelatne.

Ho blei filma av Arne Bye – fekk likevel saka si lagt bort

Karen-Marie var sikker på at ho var ein del av tiltalen mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta. For at saka ikkje skal bli for omfattande har ho og mange kvinner blitt utelatne.

SINT OG SKUFFA: Karen-Marie er ei av kvinnene som har fått saka si lagt bort. Ho fortel ho er både sint og skuffa.

Henning Levold – Journalist
Morten Waagø – Fotograf Fotograf

Vi rapporterer frå Frosta

Eg trudde eg skulle eksplodere. Eg blei kjempeforbanna, og da er ikkje det berre på vegner av meg, men på vegner av alle.

Etter to år med etterforsking blei tiltalen mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta klar i september.

Etterforskinga viser at Karen-Marie Reitan er blitt filma av legen under ei gynekologisk undersøking.

Likevel fekk ho i september beskjed om at saka hennar var blitt lagt bort for at tiltalen ikkje skulle bli for omfattande.

Karen-Marie er ei av 114 kvinner som har fått saka si mot Arne Bye lagt bort.

I to år etterforska politiet sakskomplekset. Så fekk Karen-Marie beskjed om at saka hennar var lagt bort.

 

Over 200 kvinner

I tiltalen mot Arne Bye har 95 kvinner status som fornærma. 88 av dei skal ha blitt valdtatt i det som er ei av dei største overgrepssakene i Noreg nokosinne.

Men talet på fornærma kunne ha vore høgare.

– Vi var over 200 kvinner i saka og så kom tiltalen. Der er det eit hav av kvinner som ikkje er med, seier Karen-Marie.

– Det gir kjensla av at ein ikkje blir trudd, at saka di ikkje er like viktig.

Før politiet sende over den ferdig etterforska saka til Statsadvokaten la dei bort 99 saker. 85 av disse på grunn av forelding har etterforskingsleiar Eivind Guldseth tidlegare stadfesta til NRK.

I tillegg la statsadvokaten bort 15 saker. Ei av disse var Karen-Marie si.

– Det var som å få eit slag i magen. Det er uforståeleg.

Reitan fortalde si historie til NRK allereie i fjor. Nyleg har også VG omtalt saka hennar.

I over 20 år hadde ho Bye som fastlege.

Les også Frosta-saka: Fleire fornærma er mor og dotter

NRK har sett dokumentet frå Statsadvokaten der det kjem fram at Karen-Marie si sak har blitt lagt bort.

Der kjem det fram at Arne Bye filma Karen-Marie under ei undersøking, men at det ikkje finst sterke nok bevis til å seie at legen misbrukte si stilling som lege for å oppnå seksuell omgang.

Derfor er det heller ikkje blitt bevist at Karen-Marie blei valdtatt.

Fordi saka er så omfattande blir ikkje andre lovbrot som filming utan samtykke eller seksuallovbrot tatt med inn i saka, ifølge dokumentet.

– Dei har lagt bort saker der det er filming... Eg har ikkje ord for kor stygt eg synest det er, seier Karen-Marie.

– Det er så respektlaust og så stygt gjort at dei fjernar ting. Det er eit stygt overtramp.

«Saken er vurdert opp mot straffelovens bestemmelser om voldtekt (§291) og misbruk av overmaktsforhold (§295). På grunn av sakens størrelse, er det ikke vurdert å bringe inn selvstendige forhold som rammes av mildere straffebestemmelser i straffelovens kapittel om seksuallovbrudd, for eksempel seksuell handling uten samtykke eller filming uten samtykke.»

Kjelde: Brev frå Trøndelag Statsadvokatembeter.

Ho fortel at det kjennest som om ein blir fråteke det å vere fornærma i saka.

– Nokon saker er ekstremt mykje grovare enn andre, men det spelar ingen rolle. Også det «mildaste» han har gjort er frykteleg grovt.

Arne Bye har erkjent å ha valdtatt tre kvinner og å ha utnytta si stilling for å oppnå seksuelle omgang i 40 av dei 95 tilfella han er tiltalt for. For dei øvrige forholda nektar han straffskyld.

– Sidan saka allereie er så enormt stor, så har dei valt å droppe ein del tilfelle som er av mindre alvorleg karakter, forklarar Kjetil Kolsrud, jurist og redaktør for nettstaden Rett24.

Han seier det er to grunnar til at mindre alvorlege saker ikkje er ein del av tiltalen.

– For det første handlar det om å halde det innafor rimelegheita sine grenser når det kjem til den praktiske gjennomføringa av saka.

Den viktigaste grunnen er at slike forhold ikkje vil ha noko å seie for kva straff den tiltalte eventuelt vil få, fortel Kolsrud.

– Disse sakene vil ikkje ha noko å seie frå eller til på ei eventuell straffeutmåling fordi dei er små samanlikna med houvudtiltalen.

– Men det er mogleg å forstå at kvinnene med dei mindre alvorlege sakene føler seg forbigått.

Karen-Marie reagerer sterkt på at ho og mange andre kvinner ikkje er fornærma i tiltalen mot Arne Bye.

Seks av kvinnene som har fått saka si lagt bort av Statsadvokaten har klaga på dette. Det stadfestar Eli Nessimo til NRK.

Nessimo har ikkje ønskt å gi nokon ytterlegare kommentar før klagane er ferdig behandla av Riksadvokaten.

– Det er slik at i denne tiltalen er det ikkje tatt ut ein tiltale for alle moglege straffebod som kan vere brotne, har Nessimo tidlegare uttalt til NRK.

Heller ikkje etterforskingsleiar Eivind Guldseth har ønskt å gi ein kommentar.

Frosta-legen erkjenner delvis straffskyld

Arne Bye sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, har ikkje ønskt å gi ein kommentar til denne saka.

Bye har tidlegare erkjent straffskyld på nokre av punkta i tiltalen.

Etter nye politiavhøyr, erkjente Bye å ha valdtatt tre kvinner og å ha utnytta si stilling for å oppnå seksuelle omgang i 40 av dei 95 tilfella han er tiltalt for.

5. november byrjar rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen i Trøndelag tingrett.

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?

Da vil eg veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt. 

LES MER:

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations