Håkon Arnold Pettersen ville ikkje bli operert på SNR- fekk avslag på fritt sjukehusval ved St.Olavs

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

80-åringen meinte han var tryggare på eit større sjukehus, men blei avvist. Mange helsepersonell misforstår fritt sjukehusval, meiner Pasient- og brukarombodet.

Håkon Arnold Pettersen ville ikkje bli operert på SNR- fekk avslag på fritt sjukehusval ved St.Olavs

80-åringen meinte han var tryggare på eit større sjukehus, men blei avvist. Mange helsepersonell misforstår fritt sjukehusval, meiner Pasient- og brukarombodet.

FRITT SJUKEHUSVAL?: Håkon Arnold Pettersen bur i Kristiansund, men ynskja ikkje å bli operert ved sitt lokale sjukehus.

Vi rapporterer frå Kristiansund

Vi rapporterer frå Kristiansund

Håkon Arnold Pettersen sit på kafe og ser ut over sjøen i Kristiansund. Nattesøvnen er det heller dårleg med, og forma varierer.

– No gler eg meg til å få det betre, seier Pettersen, som har segla utanriks i 50 år.

Då han fekk brev om operasjon på det nye lokalsjukehuset for Nordmøre og Romsdal, gav han beskjed om at han heller ynskjer å få utført inngrepet på St. Olavs hospital i Trondheim.

– Eg likar å bestemme sjølv kor eg skal bli operert. Du føler deg betre og tryggare på eit større sjukehus, seier Pettersen.

Han har også høyrt historier om at folk må ligge på gangen på nysjukehuset, og det fristar lite.

Pettersen er ikkje interessert i å utlevere seg sjølv med diagnose, men understrekar at det ikkje er livstruande.

Håkon Arnold Pettersen fekk avslag om operasjon ved St.Olavs hospital i Trondheim.

Pettersen fekk beskjed frå lokalsjukehuset om å sjølv kontakte sjukehuset i Trondheim.

På telefon til St. Olavs hospital fekk han inntrykk av at dette var problemfritt. Nokre dagar seinare kom eit overraskande brev i posten.

Der stod det at sjukehuset hadde kapasitetsmangel og at dei difor ikkje kunne hjelpe Pettersen.

80-åringen fekk hjelp frå Pasient- og brukarombodet til å sende klage. På nytt fekk han avslag. Då var det bustadadressa hans som var problemet.

«Vi har for tiden ikke kapasitet til å ta imot alle pasienter som blir henvist til oss. Vi er først og fremst forpliktet til å sikre at pasienter fra vår helseregion får oppfylt sine rettigheter. Siden du ikke hører hjemme i Helse-Midt Norge, kan vi dessverre ikke tilby deg vurdering eller helsehjelp

Pettersen bur i Kristiansund i Møre og Romsdal. Pasientar i dette fylket ligg under Helse Midt-Noreg og Pettersen syntest avslaget var heilt bak mål.

Han bestemte seg for å kjempe vidare.

– Eg tenkte at då hadde dei treft på rette mann. For eg hadde ikkje lyst å berre gi meg på det, seier Pettersen.

Pettersen trudde det skulle vere enkelt å få flytta operasjonen til St.Olavs hospital i Trondheim.

I 2023 vart ordninga med Fritt sjukehusval endra, og ein kan ikkje lenger velje private aktørar godkjent av Helfo.

Pasientar kan framleis velje mellom offentlege sjukehus og private aktørar som har avtale med eit regionalt helseføretak.

Pasient- og brukarombodet opplever at ikkje alle helsepersonell er klar over dette. Dermed får ikkje pasientane lov til å velge.

– Det som går igjen er at pasientane får beskjed om at retten til å sjølve velje behandlingsstad er fjerna. Mange opplever å bli nekta å få overført saka si til eit sjukehus til eit anna.

Det seier Hanne Haavde Stenseth i Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal.

Nasjonalt blei ombodet kontakta minst 218 gongar om fritt sjukehusval i fjor. Så langt i 2025 har dei hatt 145 førespurnader om temaet.

Hanne Haavde Stenseth er Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal.

Medisinsk fagsjef ved St. Olavs hospital, Helena Maria Bertilsson, beklagar sterkt at Håkon Arnold Pettersen blei avvist.

Ho innrømmer at grunngivinga han fekk om at han ikkje tilhøyrer helseregionen var feil.

– Det er slikt som ikkje skal skje. I kvar organisasjon som er stor, så skjer det feil. Det vi kan gjere er å lære av feila og bruke dette til opplæring av helsepersonell, seier Bertilsson.

St. Olavs hospital får ca. 52.000 tilvisingar i året. I nokre tilfelle anbefaler dei pasientar å vurdere behandling ved lokalsjukehuset sitt dersom dei har same tilbod, for å overhalde fristar.

Dersom pasienten ikkje ynskjer det, skal St. Olavs likevel tilby behandling, og opplyse om at det kan bli lengre ventetid.

Helena Maria Bertilsson ved St.Olavs hospital seier at det vil lære av glippen.

Helse og omsorgsminister, Jan Christian Vestre (Ap), seier at det Håkon Arnold opplevde ikkje skal skje, og at det er bra at St. Olavs har beklaga.

– Vi ser at for få kjenner til denne retten og det er bekymringsfullt når Pasient- og brukerombudet seier at folk opplever feilinformasjon og får avslag på feilaktig grunnlag. Her må vi gjere ein jobb for å sikre at pasienten sin valfridom er reell, svarar Vestre på e-post.

Han seier at Arbeidarpartiet jobbar med å utvide kapasiteten i helsetenesta slik at valfridomen blir betre.

Helse og omsorgsminister, Jan Christian Vestre (Ap) er bekymra over at folk får uriktig informasjon om behandlingsval.

I Kristiansund ventar Håkon Arnold Pettersen framleis på operasjonsdato ved St. Olavs hospital i Trondheim. Han er glad for at dei beklaga glippen.

– Eg kjem til å føle meg atskilleg tryggare der, så det er verdt å vente på, seier Pettersen.

Han ser også fram til å få tilbake nattesøvnen, når operasjonen er utført.

80-åringen gler seg til å få tilbake nattesøvnen når operasjonen er unnagjort.

LES MER:      ©NRK.NO

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations