Grete bedt om å legge ut 10 500 kroner i veka for reiser til sjukehuset: – Heilt håplaust

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Ny avtale om transport av pasientar blei ikkje landa for Kongsvinger sykehus. No må pasientar skaffe transport og legge ut for dette sjølv.

Grete bedt om å legge ut 10 500 kroner i veka for reiser til sjukehuset: – Heilt håplaust

Ny avtale om transport av pasientar blei ikkje landa for Kongsvinger sykehus. No må pasientar skaffe transport og legge ut for dette sjølv.

Grete Sannes blir køyrd til og frå dialysebehandling av Runer Finnes etter at sjukehuset ikkje fekk landa avtale med taxiselskapet som svarte på anbodet om avtale rundt rekvirerte pasientreiser. Å legge ut for taxi sjølv er for dyrt for Sannes.

Vi rapporterer frå Kongsvinger og Gjøvik

Publisert 13.03.2024, kl. 16.16

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

– Det er ikkje haldbart, seier Grete Sannes (56).

Ho er dialysepasient og må reise til Kongsvinger sykehus for behandling tre gonger i veka. Fram til no har transporten blitt ordna av sjukehuset med taxi, med såkalla rekvirert pasient­reise.

Avisa Glåmdalen var dei som først skreiv om at frå 1. mars var det ikkje lenger nokon avtale om transport av pasientar i kommunane Eidskog, Kongsvinger, Grue, Sør-Odal og Nord-Odal.

Desse er fem av totalt tolv kommunar i landet som no står utan ein slik avtale.

Ifølgje avisa fekk dei ikkje på plass ei ny avtale i Glåmdalen fordi tilbodet frå det lokale taxiselskapet Taxi 03650 var for dyrt for Pasientreise- og syke­transport­avdelingen ved Oslo Universitets­sykehus.

– Tilbodet låg vesentleg høgare enn angitt maksimalpris i anbodet, og også høgt over prisane i privatmarknaden, står det på Ahus sine nettsider.

Utan avtale etter anbodskonkurransen må pasientar som har helsemessig behov for tilrettelagt transport, ordne transport til og frå sjukehuset sjølv. Dei må legge ut for dette og søke om refusjon frå Pasient­reiser.

– Det er bekymringar i forhold til å komme seg på dialyse, og det er naudsynt behandling, seier Sannes.

Sjekk om det manglar taxiavtale for pasientreiser i ditt område her:

NRK har kontakta dei følgande helseføretaka i mars 2024, og dette er oversikt over ordningar Pasientreiser HF har no.

Helgelandssykehuset HF

Finnmarkssykehuset HF

Nordlandssykehuset HF

Universitetssykehuset Nord-Norge HF

Helse Stavanger HF

Helse Fonna HF

Helse Bergen HF

Helse Førde HF

Sykehuset Innlandet HF

Oslo Universitetssykehus HF

Sykehuset Østfold HF

Vestre Viken HF

Sykehuset Telemark HF

I Telemark og Vestfold, som Sykehuset Telemark HF har ansvar for, har dei avtalar i alle kommunar.

Sørlandet sykehus HF

For Sannes er det å køyre sjølv ikkje eit alternativ etter tøff behandling, og ho har heller ikkje økonomi til å legge ut for taxi. Løysinga har blitt at partnaren Runer Finnes har måtte køyre ho.

Køyreturen tar over 45 minuttar kvar veg. Denne tida får Finnes ikkje betalt for, men reise­utgifter får pasientar refundert.

– Eg synest det er heilt håplaust. Det tar mykje av tida hans. Eg er utruleg heldig som har han som er så utruleg snill, seier Sannes.

Runer Finnes er pensjonist og har difor tid til å køyre Grete Sannes til og frå behandling. Han får ikkje betalt for det han gjer.

Det finst minibussar som skal kunne hente pasientar, men desse har kjernetid mellom 09.00 og 17.00. Dermed kan ikkje Sannes ta desse til behandlinga for den startar 08.00.

Etter behandling er ho klar for heim­reise rundt klokka 12.45 og kunne tatt buss heim då, men ho unngår dette fordi ventetida er tung når ho er dårleg etter behandling.

Dersom Sannes legg ut for drosje sjølv, seier ho det vil det komme på rundt 1950 kroner ein veg. 3900,- kroner dagen, tre gonger i veka. Over 600.000 i året i utlegg.

– Eg synest det er ille at folk må hente pasientane når dei først har sett opp skyss, men den ikkje fungerer. Det er ikkje alle som har råd til å legge ut så mykje pengar for å komme bort og heim, seier Runer Finnes.

Avdelingsleiar Egil Johannessen for pasientreiser og syketransport i Oslo universitetssykehus har til avisa Glåmdalen føreslått at det finst transportørar som gir kreditt i spesielle tilfelle.

Ifølge Sannes har Pasientreiser også føreslått at ein kan bruke kreditt­kort til å legge ut fram til ein får refundert kostnadene. Det er ikkje aktuelt for ho.

– Det tar tid frå du har lagt ut til du får tilbake. Circa tre veker var det anslått det ville ta, før endringa, seier Sannes.

– Det beste hadde vore viss me gjekk tilbake til den gamle ordninga, seier Sannes om pasientreisetilbodet ho har no.

Rekvirert pasientreise:

Kjelde: Helsenorge.no om pasientreiser og om rekvirert pasientreise per mars 2024.

Arvid Magne Dybdahl (80) er også dialyse­pasient og bur i Kirkenær, litt over ein halvtime i køyre­avstand til sjuke­huset.

Dersom han bestiller drosje sjølv kan det bli både venting og usikkert om drosje­sjåførane faktisk har tid til å køyre:

– Det er uhaldbart slik det har vore no. Me må få att den gamle ordninga vår.

Dybdahl seier det ikkje er riktig at pasientar skal måtte låne pengar for å legge ut for transport til og frå behandling.

– Det er å låne pengar det også, seier Arvid Magne Dybdahl om å bruke kredittkort for å legge ut for pasientreiser. Kredittkort er ikkje aktuelt for han.

Gunn Aastebøl (76) er også dialysepasient og bur på Skotterud. Det er litt over 25 minutt med køyring til sjuke­huset. Ho synest situasjonen no er usikker:

– Det er ei belastning, for spesielt når du har vore til dialyse er du sliten og vil gjerne heim så fort som mogleg. Det er ei påkjenning.

– Det har vore så trygt og godt å bli frakta frå dør til dør, og ikkje tenke noko meir på det, seier Gunn Aastebøl. Ho saknar den gamle pasientreiseordninga.

Følgande satsar gjeld for reiser gjennomført frå og med 1. januar 2024:

Beløp som er mindre enn 100 kroner blir i utgangspunktet ikkje utbetalt. Dersom ein innan seks månader gjennomfører fleire pasientreiser, og summen av desse utgjer minst 100 kroner, kan ein likevel ha rett på å få utbetalt desse beløpa under eitt.

Kjelde: Helsenorge.no

Linn-Birgit Kristensen er talsperson for alle drosjeeigarane i Glåmdalsregionen. Ho seier at det er riktig at pristilbodet Taxi 0365 kom med i anbodsrunden var høgare enn maksimalprisane i anbodskonkurransen.

Ho grunngjev dette med at det er tatt utgangspunkt i prisoppgangen i samfunnet og prisane dei har køyrt på i fire år.

Linn-Birgit Kristensen er talsperson for alle drosjeeigarane i Glåmdalsregionen. Ho seier at situasjonen no er pressa og usikker for eigarane og sjåførane: – Det er sendt ut permitteringsvarsel, andre sjåførar har sagt opp, nokon har blitt sagt opp og generelt veit me ikkje om bransjen vil overleve i regionen.

– Etter møte med OUS fekk me beskjed om at prisane dei gav i anbodet for 2020–2024 var feil og altfor høge, utan at OUS har sagt opp avtalen med oss, skriv Kristensen.

Ho skriv at deira siste tilbod var å behalde prisane dei hadde før 1. mars i år.

– Å gå ned til prisane dei har sett som maksimalt i anbodet ville ført til ein nedgang på mellom ti og tolv prosent for eigarar og sjåførar, før me har justert for prisvekst og endring i tariff, seier Kristensen.

Ho seier at tariffen dikterer at sjåførane skal ha betre betalt per time når bilen står på verkstad enn ventetaksten Pasientreiser legg opp til:

– Det kan me ikkje gå med på.

Kjell Tønnes er taxi­sjåfør og hadde akkurat hatt ein tur til sjuke­huset då NRK snakka med han. Han synest det er trist at det ikkje er ein avtale mellom taxi­selskapet og sjuke­huset om pasient­transport:

– Eg synest det er veldig tragisk. Eg tenker mykje på pasientane som me har køyrt til og frå sjukehus, seier Tønnes.

– Mange er frustrerte for dei må legge ut pengar sjølv. Dei er urolege for økonomien.

Kjell Tønnes er redd nokre pasientar får problem med å kome seg på sjukehus, og trur endringa kan føre til permitteringar og oppseiingar i taxinæringa.

Avisa Glåmdalen har skrive at pasientar avbestiller legekonsultasjonar grunna trøbbel med transport. Leiar handikap­forbundet i Glåmdalen, Hans Hanssen reagerer kraftig på det som har skjedd, for han synest ikkje reise­ordninga no er helse­forsvarleg.

– Det er brukar­gruppene som er svake og som verkeleg må ha hjelp i pasientreise­samanheng som blir skade­lidande her, seier Hanssen.

Hans Hanssen meiner ei betre ordning enn den som er no, burde kome i hamn raskast mogleg: – Det er ikkje bra at det blir oppfordra til å betale med kredittkort og at pasienten skal bli skadelidande. Det kan ende med at dei må gå ifrå både hus og heim fordi det blir for tøft for dei.

Ahus sine nettsider står det at Oslo universitets­sykehus jobbar med å få på plass eit tilbod til dei mest sårbare pasientane.

Dette stadfestar Stephen Sollid som er klinisk direktør for prehospitalklinikken på Universitetssykehuset i Oslo.

Steffen Sollid seier dei blant anna har ein ekstra service med store bilar for sårbare pasientar og at dei har prøvd å få eit tilbod på plass.

– Diverre har me ikkje klart det godt nok, og me må innrømme at me ikkje har klart det. Me har ein ganske god dialog no, spesielt med Kongsvinger sykehus, for å få eit betre tilbod på plass.

Han seier det kan ta månader å få på plass ein avtale dei kan akseptere. Til pasientar som no må legge ut sjølv beklagar han.

– Me jobbar som best for å få eit betre tilbod, og eit godt nok tilbod, til dei som er i spesielt sårbare situasjonar, anten det er at du ofte må dra til sjukehuset, eller fordi du har økonomiske utfordringar.

Dei tilsette ved Kongsvinger sykehus har ikkje ønska å seie noko om saka.

Les også Bente reiste i elleve timer for 20 minutter på legekontoret

Les også Familie sliter med å ha råd til å ta barna på sykehus – mener systemet er urettferdig

LES MER:

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations