Birte får ikkje bygga: Statsforvaltaren «snikfotograferte» at familien brukte tomta som akebakke

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Kommunen godkjente draumeplanane Birte Skjold Hansen hadde på eiga tomt i Bergen. Men då sette Statsforvaltaren foten ned: Bakken på tomta hennar er viktig for barn.

Birte får ikkje bygga: Statsforvaltaren «snikfotograferte» at familien brukte tomta som akebakke

Kommunen godkjente draumeplanane Birte Skjold Hansen hadde på eiga tomt i Bergen. Men då sette Statsforvaltaren foten ned: Bakken på tomta hennar er viktig for barn.

«OFFENTLEG AKEBAKKE?»: Ein representant for Statsforvaltaren fotograferte deltakarane i ein privat barnebursdag som leika på innmarka.

Publisert 28.10.2022, kl. 20.20

På Skjold i Bergen ligg eit småbruk, omringa av vanlege bustadområde og med firefeltsvegen til Flesland rett nedanfor.

Sidan 2015 har Birte Skjold Hansen kjempa for å få bygga ein heim for seg og dei tre døtrene på denne garden der ho sjølv vaks opp.

Småbruket med hestar og høns ligg på toppen av ei ganske bratt lita eng. Prosessen har vore ein minst like bratt motbakke som bøen.

– Det betyr så utruleg mykje for oss at borna mine skal få den nærleiken til dyra, foreldra mine og denne garden som eg har hatt. Det arbeidet, innsatsen, draumane og håpet me har hatt om å få lov til å bu her... ja, det er ein utruleg hard kamp å køyra, rett og slett.

LOKALT JA MEN STATLEG NEI: Birte Skjold Hansen fekk lov til å bygga ein heim her øvst på bøen, tett på barndomsheimen sin. Men eit foto av at familien aka i bakken bidrog til at Statsforvaltaren meiner tomta er viktig som allment leikeområde.

Ein dag i januar 2021 blir det tatt eit bilete av born og vaksne som leikar og akar i denne bakken. Fotografiet hamnar i ei saksmappe hos Statsforvaltaren i Vestland.

Der står det:

«Statsforvalteren har ved selvsyn registrert at området er særlig verdifullt område for rekreasjon og lek vinterstid. Bildet ovenfor dokumenterer at en nedbygging eller privatisering (av tomta) vil være negativt for barns lek og rekreasjonsmulighetene i området.»

Dei meiner også at dette grøntområdet er viktig for å sikra naturmangfald.

«Som vist på bildet vil tiltaket være i klar strid med grønne verdier på stedet.»

Tidlegare hadde plan- og byggesaksetaten avslått søknaden frå Hansen. Men i mai 2021 gav byrådet likevel dispensasjon til bygging av ein generasjonsbustad med to bueiningar øvst på enga.

Statsforvaltaren klaga. Han skreiv at dispensasjonen var «i vesentlig strid med nasjonale interesser».

Desse gjaldt retningslinjer for å styrke interessene til barn og unge.

Eitt år seinare avgjorde settestatsforvaltaren i Rogaland i juni 2022 at Statsforvaltaren i Vestland fekk medhald: Løyvet blei oppheva. Hansen blei nekta å bygga.

– Eg er veldig overraska over at Statsforvaltaren meiner det er av nasjonal interesse at eg vil bygga éin einebustad på eigedommen min, seier ho.

– Kva tenker du om denne saka i lys av lokalt demokrati og sjølvstyre?

– Eg har forstått det slik at kommunalt sjølvstyre skal stå sterkt. I denne saka verkar det som at det ikkje har nokon verdi i det heile tatt.

Bergensavisen har omtalt denne saka i fleire rundar, seinast i august.

Sidan har Hansen klaga til Kommunaldepartementet, men dei sende berre saka tilbake til Statsforvaltaren i Rogaland.

Kommunaldepartementet vil ikkje kommentera saka.

HEST OG HØNS: Hansen håpar borna hennar skal få bu med same nærleiken til dyra på garden der ho sjølv vaks opp.

Hansen er opprørt over at fotografiet av dei som leika på bøen vart brukt som argument for at dette er viktig som allment tilgjengeleg friluftsområde.

– Dette er ikkje ein offentleg akebakke. Det er innmarka på garden vår. Me har dyr her og brukar graset som dyrefór. Fotografiet viser meg og venene mine som i lag med borna våre feira ein barnebursdag. Etter akinga var det bålpanne og kos oppe på tunet, fortel ho.

Mest opprørt er ho over det ho oppfattar som snikfotografering.

– Me var heilt sjokkerte. Det kjennest urimeleg – som eit overgrep – at dei kjem inn på ein privat eigedom, tar bilete av meg og borna mine og brukar det som dokumentasjon i ei sak mot oss. Dessutan har dei valt å ta biletet slik at det ikkje viser gjerdet som går rundt heile eigedommen.

STENGD: Heile innmarka på garden er inngjerda.

Medan Statsforvaltaren åtvara mot privatisering av akebakken, slår Hansen altså fast at garden deira er privat innmark.

Olav Pedersen i Harris er advokat for Birte Skjold Hansen. Han meiner statsforvaltaren blandar seg inn i ei lita sak på feil grunnlag.

– Det er ei bittelita byggesak. Den er alt for lita til at statsforvaltaren skal gripa inn. Dei skal gripa inni saker av nasjonal interesse. Det var ei bombe at statsforvaltaren valde å klaga, seier han.

Kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal hos Statsforvaltaren i Vestland avviser at dei blandar seg inn i detaljane i ei lokal politisk avgjerd.

– Me meiner me ikkje gjer det. Og me skal ikkje gå inn på det lokale sjølvstyret.

Men Statsforvaltaren meiner Bergen kommune braut lova då Hansen fekk dispensasjon til å bygga eit hus på barndomsgarden sin. Statsforvaltaren krev at det må bli laga ein reguleringsplan som heilskapleg vurderer behovet for leikeområde for barn og unge i dette nærmiljøet.

– Vår praksis er at me aldri skal klaga på vedtak i kommunane som er innanfor det lokalpolitiske handlingsrommet deira. Det me bryr oss om, er at kommunane ikkje gjer vedtak i strid med nasjonale interesser som å ta omsyn til barn og unge, og at kommunane ikkje bryt relevante lover, seier han.

SLITEN: – Det arbeidet, innsatsen, draumane og håpet me har hatt om å få lov til å bu her. ja, det er ein utruleg hard kamp å køyra, rett og slett, seier Birte Skjold Hansen.

Fotografiet av barnebursdagen vil ikkje Yndesdal kommentera spesielt.

Generelt meiner han det er irrelevant om eit grønområde i dag er privateigd eller om det allereie blir offentleg brukt som leikeområde.

– Her må ein sjå dette samla, uavhengig av korleis området er eller blir brukt i dag, og om det er offentleg eller privat. Ein må sjå på potensialet til området i ein større samanheng.

– Altså om det bør bli allment tilgjengeleg ein gong i framtida?

– Ja, og det blir betre vurdert i ein reguleringsplan enn i ei enkelt dispensasjonssak, seier han.

Advokat Pedersen meiner at statsforvaltaren dermed justerer argumentasjonen sin når dei får motargument.

– Dei blir drivne frå skanse til skanse. Først viste dei til biletet og argumenterte med eksisterande leik og rekreasjon. No snakkar dei om mogleg framtidig leik på dette området.

«IKKJE NASJONAL INTERESSE»: – Biletet av dei leikande borna på bøen kan samanliknast med at dei leikar i hagen sin, meiner advokat Olav Pedersen.

Han viser til at i kommuneplanen ligg denne tomta i område definert for bustadfortetting utan nokon restriksjonar.

Pedersen legg til at kommunen i sitt vedtak skreiv: «Det er under enhver omstendighet svært mye av det grønne som er igjen».

Han kritiserer at Statsforvaltaren i Rogaland avgjorde saka utan å ha vore på synfaring på garden i Bergen.

– Det takka han nei til. Det sit altså ein saksbehandlar i Stavanger som ikkje har vore på staden. Vedkommande vurderer på sin eigen skrivepult om dette er eit framtidig allment tilgjengeleg leike- og rekreasjonsområde. Det er spesielt.

– Men skal ikkje statsforvaltaren kontrollera at kommunane følger lova og tar omsyn til behov for gode leikeområde?

– Prinsipielt er eg einig i at det er viktig at eit organ passar på kommunane. Ein må ikkje sleppe dette heilt fritt. Men eg tenker kommunen er nærast til å vurdera dette, og dei har konkludert at dette verken er eller trengst som leikeområde.

Han legg til at ingen naboar har protestert mot bygging av bustadhuset.

Statsforvaltaren i Rogaland behandlar no ein klage på deira avgjerd.

Det avtroppande byrådet i Bergen som gav løyve til husbygginga vil ikkje kommentere saka.

LES MER:

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations