Nav sitt digitale talent-program gav fast jobb for gameren Ole Kristian Simensen i Surnadal

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Han fall ut av skulen og fann ikkje heilt plassen sin i arbeidslivet. No er Ole Kristian Simensen ein digital ressurs for lokale verksemder.

1. Nav sitt digitale talent-program gav fast jobb for gameren Ole Kristian Simensen i Surnadal

Han fall ut av skulen og fann ikkje heilt plassen sin i arbeidslivet. No er Ole Kristian Simensen ein digital ressurs for lokale verksemder.

Ole Kristian Simensen gjekk frå dropout og arbeidsledig til å bli datakonsulent. Det kan han takke gaming-bakgrunnen sin for. Vi rapporterer frå Surnadal, Rindal, Molde

Publisert 12.04.2022, kl. 10.57
Oppdatert 12.04.2022, kl. 21.14

På Bergmoen snekkerverksted blir nokre skaphyller til gjennom saga. Den jobben er blitt langt enklare med hjelp av Ole Kristian Simensen. Han har styring på 3D-modellane som gjer det enkelt å få riktige mål på dei ulike delane.

– Han har vore til god nytte, utan tvil. Han har kompetanse som ikkje vi sit med, og det er innmari godt å høyre nokon utanifrå som kjem med idear, seier dagleg leiar Olav Reitan.

For nokre år sidan hadde han nok ikkje sett for seg å vere her. Ole Kristian Simensen (30) droppa ut på vidaregåande, og vegen inn i arbeidslivet gjekk heller ikkje på skinner.

– Han er snarare til å lære enn gammalt folk, seier Olav Reitan (til venstre) i Bergmoen snekkerverksted om Ole Kristian Simensen.

Sidan ungdomsskulen har han vore interessert i data og gaming, men på vidaregåande kunne han ikkje velje denne vegen. Interessa dalte, og etter to forsøk, gav han opp skulen.

– Eg hadde litt ulike jobbar etter det, men det var ting eg ikkje var heilt motivert for, seier Simensen.

Til slutt stod han utan jobb eit halvt år. Han fylte dagane med gaming og visste ikkje kva han skulle gjere. Heldigvis dukka det opp eit tilbod frå Nav.

86 prosent av norske 9-18-åringar spelar dataspel, ifølgje undersøkinga «Barn og medium 2020» frå Medietilsynet.

Simensen kom inn i prosjektet «digitale talent – nye moglegheiter». Der samlar Nav folk som og knytt den til behovet i næringslivet.

Der fekk han interessante oppgåver i bedrifter, delta på spelutviklingskurs via Stockholm og lærte om programmering og bruk av 3D-modellar.

Etterpå fekk han fast konsulentjobb i Innveno i Surnadal. Dei leigar han vidare ut til mindre verksemder som treng sånne som han.

Utviklingsselskapet Innveno i Surnadal og Ole Kristian Simensen var god match. Her er dagleg leiar Håkon Fredriksen.

– I mindre bedrifter er det uaktuelt å tilsette ein dataingeniør. I det bildet passar Ole Kristian perfekt. Eg er kjempenøgd og stolt over at vi har tilsett han, seier Håkon Fredriksen, dagleg leiar i Innveno.

Han kan gjerne tenke seg å hente inn fleire med same bakgrunn.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Nav, næringslivet, Kunnskapstrening IT, Stockholm universitet og Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei har for tida 40 digitale talent som er engasjert i ulike prosjekt.

– Vi ser at næringslivet har eit enormt digitaliseringsbehov. Mange stader er det vanskeleg å få tak i kompetanse og fleire går til dei større byane. Samtidig ser vi mange ledige i nærmiljøet med digital interesse, såkalla gamerar, seier Ole Kristian Myrbostad, prosjektleiar i firmaet Kunnskapstrening IT.

Ole Kristian Myrbostad er prosjektleiar i Kunnskapstrening IT.

Det er eit viktig prinsipp at arbeidet dei får er reelt, noko som faktisk trengst, og som dei kan putte på CV-en.

– I målgruppa er det mange som har vore ledige i lang tid. Kanskje slutta på skulen i ung alder, ein har ein del sosiale utfordringar og helseutfordringar. Så det viktigaste er å bygge sjølvtillit og meistringstru, der må ein begynne for å kome seg vidare, seier Myrbostad.

Ole Kristian Simensen er ikkje i tvil om at bakgrunnen i gaming og data har gitt han nyttige eigenskapar for å kome dit han er i dag.

– Når du har halde på med det i mange år så kjem nye ting naturleg. I tillegg er ein vant med å hente informasjon frå nettet for å lære og løyse problem på eiga hand, seier Simensen.

Ole Kristian Simensen har endeleg funne motivasjonen når han får jobbe med interessene sine.

No har han hatt jobben over to år og trivst veldig godt.

– Det er veldig viktig å jobbe med noko ein synst er interessant og gøy. Eg er veldig glad for at eg fekk sjansen til det.

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations