Idar Berget får ikkje livsforlengande medisin – pasientorganisasjonarar krev meir pengar

TeamXon.com - Automatic

Det norsk folk's enkeltskjebner - og det gjelder mange flere!
- HUSK Å DELE SIDEN MED FLEST MULIG -
Ønsker du din historie på denne siden, eller skrive den selv ?

Kontakt oss!

Idar Berget har fått avslag på den einaste medisinen som kan forlenge livet. No krev dei store pasientorganisasjonane at norske styresmakter blar opp for kritisk sjuke.

1. Idar Berget får ikkje livsforlengande medisin – pasientorganisasjonarar krev meir pengar

Idar Berget har fått avslag på den einaste medisinen som kan forlenge livet. No krev dei store pasientorganisasjonane at norske styresmakter blar opp for kritisk sjuke.

Kvar morgon tek Idar Berget medisinen som bremsar den dødelege hjartesjukdommen. I august er det slutt.

Vi rapporterer frå Vanylven på Sunnmøre
Publisert 21.04.2022, kl. 08.49
Oppdatert 21.04.2022, kl. 08.53

Idar Berget har berre fire esker igjen av hjartemedisinen sin. Når dei er tomme er det slutt på dei raude tablettane. Ei god helseforsikring har sørga for at han har fått den eksklusive medisinen sidan november. Men i august er det stopp.

Då misser han tablettane som for ei kort stund har bremsa utviklinga av den dødelege sjukdommen.

– Eg synest at eit så rikt land som Noreg bør kunne prioritere å gje livsforlengjande medisin, seier 71-åringen.

For hos helsevesenet er det inga hjelp å hente. Tre gonger har dei som avgjer kva for medisinar norsk helsevesen skal bruke pengar på, vendt tommelen ned for tablettane til Idar Berget.

Leiken med barnebarnet Knut-Ivar (2) er eit lyspunkt for Idar Berget.

Dermed fekk han avslag både hos Helse Møre og Romsdal og deretter hos Statsforvaltaren.

Dei store pasientorganisasjonane i Noreg meiner det er alt for vanskeleg for norske pasientar å få tak i nye typar medikament og startar no ein underskriftskampanje. Dei krev at norske styresmakter konkluderer raskare og brukar meir pengar på nye metodar og behandlingsformer.

– Dette er eit spørsmål om liv og død. Veldig mange menneske kunne fått eit lengre og betre liv, nokre kan kurerast heilt, dersom dei får tilgang til dei nyaste medisinske framskritta, seier generalsekretær Frode Jahren i Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke.

– Men kvar skal pengane takast frå?

– Vi har eit godt, offentleg skattefinansiert helsevesen i Noreg. Dette er noko fellesskapet må ta ansvar for og prioritere, seier han.

Generalsekretær Frode Jahren seier ordninga der eit eige utval avgjer kva for medisinar som er lov å ta i bruk, ikkje er treffsikker nok. Han vil at tempoet og pengebruken skal aukast.

Sunnmøringen Idar Berget er ikkje den einaste som får avslag når han ber om medisin. Eit eige utval avgjer kva for medisinar og metodar som skal godkjennast i Noreg.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol har fått fleire spørsmål den siste tida om kva ho vil gjere for å gjere det enklare for sjuke nordmenn å få medisinane dei treng.

– Som helse- og omsorgsminister bør ikkje eg overprøve dei faglege vurderingane og konklusjonane som er lagt til grunn av Legemiddelverket og Beslutningsforum for nye metodar, skriv helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i eitt av sine svar.

NRK har også spurt Kjerkol om ho vil gjere noko for å sørge for meir pengar til medisinar, utan å få svar. I ein epost skriv statssekretær Karl Kristian Bekeng at departmentet har gitt aktørane i oppdrag å få ned tidsbruken for innføring av nye metodar.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol vil ikkje overprøve avgjerda frå dei som avgjer kva for medisinar som skal takast i bruk i Noreg.

Idar Berget på Sunnmøre gir likevel ikkje opp håpet om at tida arbeider for han og andre, og at politikarane etter kvart vil løyve meir pengar til fleire typar medisin.

No utnyttar han dagane så godt han kan, og veit at folk med hjarteamyloidose i snitt lever i tre til fem år frå diagnosen er stilt. Håpet er at norske styresmakter før den tid har sagt ja til dei raude tablettane han treng, og som kostar inntil 200 000 kroner i månaden.

– Eg har eit godt liv i lag med familie og eg har ein del hobbyar som eg dyrkar. Det er klart at ønskjer å kunne leve det livet så lenge som mogleg, seier han.

Barnebarnet Knut-Ivar likar å sjå på bilda på mobilen til morfar Idar Berget. Mormor Sissel Berget følgjer også med.

Idar Berget er i slekt med ein av medarbeidarane i NRK Møre og Romsdal. Vedkomande har ikkje vore involvert i arbeidet med denne artikkelen.

Kva er Nye Metoder? Ekspandér faktaboks

Nye Metoder er helseføretaka sin godkjenningsordning for nye metodar og legemiddel i sjukehusa.

Bestillerforum består av fagdirektørane i dei fire regionale helseføretaka, saman med representantar for Statens legemiddelverk, Sjukehusinnkjøp HF og Folkehelseinstituttet.

Bestillerforum mottar forslag til nye metodar, og bestiller eventuelt vurderingar frå Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket.

På bakgrunn av desse leverer Bestillerforum si innstilling til Beslutningsforum, som består av dei administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka.

Beslutningsforum tek den endelege avgjersla.

Comments

http://lykkelandet.com/assets/images/user-avatar-s.jpg

0 comment

Write the first comment for this!

Facebook Conversations